Trinn 3 - 4.3.6 - Helsetenester i heimen

  • Lovheimel

    Klageveg

    Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

    KPR/IPLOS-registrering

    Ja. IPLOS tenestetype 15 - Helsetenester i heimen. IPLOS kapittel 4 – Funksjonsvariablane.

    Eigenbetaling

    Nei.

    Mål for tenesta/føremål

    • Gje hjelp til akutt eller kronisk sjuke som treng nødvendig helsehjelp i heimen.
    • Ordninga er behovsprøvd og kan tildelast personar med særskilte behov utan omsyn til alder og økonomi.
    • Tenestemottakar skal klare seg i eigen bustad med nødvendig hjelp.

    Kriterium for tildeling

    • Brukar har behov for nødvendig helsehjelp for å kunne bu heime.
    • Sviktande helse og eigenomsorg som krev meir omfattande observasjonar, hjelp/og tilrettelegging for å ivareta grunnleggande behov.
    • Innhente informasjon frå lege.
    • Ein skal ha prøvd ut/vurdert tenester på eit lågare nivå i trappa før ein tildeler helsehjelp.
    • Behov for behandling og oppfølging grunna utfordringar med psykisk helse, og/eller rus.
    • Så langt som det er praktisk mogeleg legge til rette for førebyggande, helsefremjande og rehabiliterande tiltak.

    Praktiske opplysningar

    • Kommunen kan ta omsyn til eigen ressurs- og personalsituasjon ved val av tildeling av tenester og organisering av desse.
    • Alle som mottar helsetenester i heimen lenger enn 3 månader, ein gang pr. veke, har rett på fri tannbehandling frå offentleg tannklinikk.
    • Dersom det oppstår akutte situasjonar i tenesta, kan enkelte oppdrag bli utsett eller avlyst.
    • Søkar skal gje eige samtykke saman med fastlege dersom heimetenesta overtar medikamentadministrasjon.

    Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

    • Følge til mellom anna lege/tannlege, helsetenester og til ulike opphald på sjukeheim.
    • Skyss/transport i bil.
    • Handle matvarer.
    • Tenester som kan utførast ved legesenter (sårstell, blodprøvetaking, urinprøver, injeksjonar, vaksiner m.m.).
    • Vi gjev som hovudregel ikkje heimeteneste som tilsyn.

    Forventningar til tenesteytar

    • Underskriven søknad av søkar eller andre med skriftleg fullmakt eller munnleg førespurnad.
    • Gyldig samtykke frå søkar eller anna person med delegert samtykkemynde på vegne av søkar.
    • Søkar må opphalde seg i kommunen.
    • Brukar må tilretteleggje for eit forsvarleg arbeidsmiljø.

    Forventningar til tenestemottakar

    • Tenestemottakar utfører mest mogleg sjølv.
    • Tenestemottakar gjer seg kjend med vedtaket.
    • Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar.
    • Gje beskjed i god tid på førehand dersom det er ynskje om å avlyse besøket/byte dag. Ved akutte situasjonar må ein gje beskjed så raskt som råd.
    • Heimen skal vere lagt til rette for at tenesteytar får ein god arbeidsplass jf arbeidsmiljølova.
    • Bruk av nøkkelboks er ynskjeleg om det er vanskeleg for tenestemottakar å opne døra sjølv.
    • Husdyr skal haldast i trygg forvaring så lenge helsepersonell er i bustaden.
    • Huset skal være røykfritt så lenge helsepersonell er i bustaden.
    • Tillate hjelpemiddel i heimen dersom dette er naudsynt.
    • På vinterstid er det tenestemottakar sitt ansvar at det er brøyta fram til huset slik at tenesteytar kjem fram.

    Merknad

    Les meir om heimesjukepleie her.

Kontakt

Lene Engebø
Leiar for tildeling
E-post
Telefon 97 99 18 03