Trinn 3 - 4.3.11 - Praktisk bistand reinhald

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. 

  • IPLOS-tenestetype 1 Praktisk bistand-daglege gjeremål
  • IPLOS tenestetype 2 Praktisk bistand- opplæring-daglege gjeremål

IPLOS kapittel 4 – Funkjsonsvariablene

Eigenbetaling

Ja. Brukar betaler eigenandel etter gjeldande «gebyr og betalingssatsar i Kinn».

Brukar betaler eigenandel for tenesta punkt a) og punkt b). Punkt c) og d) er gratis. 

Mål for tenesta/føremål

At brukar kan få bu heime så lenge som mogleg i eit godt inneklima.

Kriterium for tildeling

  • Førebygge behov for andre tenester.
  • Kvardags- meistring og rehabilitering skal vurderast før noko anna.
  • Søkar skal ha som hovudregel ha eit langvarig særleg hjelpebehov som følgje av sjukdom, funksjonshemming, alder eller anna.
  • Innhente dokumentasjon frå eventuelt  lege, fysio- og/eller ergoterapeut.
  • Klarer ikkje å ivareta daglege reingjeringsoppgåver i heimen.
  • Som eit avlastande tiltak for pårørande med særleg tyngjande oppgåver.
  • Heilskapleg vurdering av familien sin situasjon, når søkar bur saman med funksjonsfriske.
  • Brukar skal ha på plass robotstøvsuger.

Praktiske opplysningar

  • Gje hjelp til praktiske gjeremål i tenestemottakar sin heim 1 gang per månad.
  • Praktisk team i Kinn kommune har med seg nødvendig utstyr som moppar, klutar, middel m.m.
  • Ein kan få kalender med oversikt over når tenesta blir utført.
  • Det er den totale samla inntekta i husstanden som ligg til grunnlag for eigenbetalinga.
  • Det kan i nokre høve vere rimelegare å leige privat hjelp.
  • Kommunen kan ta omsyn til eigen ressurs- og personalsituasjon ved val av tildeling av tenester og organisering av desse.

Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

Praktisk bistand-reinhald inkluderer ikkje

  • rom som ikkje er i dagleg bruk
  • støvsuging
  • nedvask
  • reingjering av vindauge
  • storopprydding
  • hagearbeid
  • hente ved
  • bringe bossdunkar til/frå veg
  • hente post
  • snømåking med meir

Ved start av teneste blir det gjort ei vurdering om det er nødvendig med nedvask og opprydding. Kostnaden må brukar dekke sjølv.

Praktisk bistand til praktiske gjeremål blir ikkje gjeve på heilagdagar, men blir utført på ein annan kvardag. Praktisk bistand vert ikkje gjeve når brukar er borte frå heimen, eller har langtidsbesøk av pårørande.

Arbeidsoppgåver knytt til dyrehald gjev ikkje rett til praktisk bistand.

Forventningar til tenesteytar

  • At du og heimen din blir behandla med respekt.
  • At du får ein kontaktperson som du kan kontakte ved behov.
  • At dei tilsette har kompetanse.
  • Vi gir beskjed om det ikkje er mogleg å komme til avtalt tid.

Forventningar til tenestemottakar

  • At brukar eller andre i hustanden er heime når vi kjem.
  • At du er positiv til å prøve ut ny teknologi som kan hjelpe deg med at kvardagen din vert enklare og meir sjølvstendig.
  • At du gir beskjed til oss i god tid om du ikkje treng hjelp eller du skal reise vekk.
  • At du lufter godt inne om du røyker, og at du ikkje røyker rett før vi kjem.
  • At du gir tilbakemelding dersom behovet ditt endrar seg og/eller du ikkje er fornøgd med tenestene du får.

Merknad

Du kan lese meir om praktisk bistand i heimen her.