Trinn 3 - 4.3.10 - Praktisk bistand eigenomsorg - opplæring

  • Lovheimel

    Klageveg

    Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

    KPR/IPLOS-registrering

    Ja. IPLOS tenestetype 2 Praktisk bistand- opplæring-daglege gjeremål. IPLOS kapittel 4 – Funksjonsvariablene.

    Eigenbetaling

    Ja. Brukar betaler eigenandel etter gjeldande «Gjeldande gebyr og betalingssatsar i Kinn».

    Mål for tenesta/føremål

    At tenestemottakar med dette tenestetilbodet i stor grad skal kunne meistre daglege gjeremål og halde ved like funksjonar og/eller tileigne seg ny kunnskap med opplæring og tilrettelegging.

    Tenesta skal bidra til at brukarar vert mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet.

    Kriterium for tildeling

    • Vedtak om opplæring skal tidsavgrensast ut i frå ei individuell vurdering og evaluering.
    • Førebygge behov for andre tenester.
    • Kvardags- meistring og rehabilitering skal vurderast før noko anna.
    • Innhente dokumentasjon frå eventuelt  lege, fysio- og/eller ergoterapeut.
    • Søkjar må ha eit særleg hjelpebehov som følgje av sjukdom, funksjonshemming, alder eller anna.

    Praktiske opplysningar

    • Opplæring til å meistre dagleg gjeremål som t.d. stå opp, legge seg, personleg hygiene, toalettbesøk, kle av og på seg.
    • Tenesta vektlegg aktiv brukarmedverknad med mål om at brukar vert sjølvhjelpen.
    • Heimen må vere best mogleg tilrettelagd for å yte omsorga.
    • Omfang og type tenester vert vurdert etter individuelle behov og kva som er fagleg forsvarleg
    • Vedtaket til brukar beskriv innhaldet i og omfanget av tenesta.
    • Brukar må bu eller opphalde seg i kommunen.
    • Det er ulike måtar å evaluere tenesta på. Dette kan vere gjennom søknad, oppfølgingsteam, melding frå heimetenesta.
    • Kommunen kan ta omsyn til eigen ressurs- og personalsituasjon ved val av tildeling av type tenester og organisering av desse.

    Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

    Transport av tenestemottakar til dømes følgje til lege, frisør med meir.

    Forventningar til tenesteytar

    • Tenesteytar opptrer respektfullt i høve tenestemottakar.
    • Tenesta vert gitt i samarbeid med brukar.
    • Tenesteytar vektlegg prinsipp om hjelp til sjølvhjelp.

    Forventningar til tenestemottakar

    • Tenestemottakar opptrer respektfullt i høve tenesteytar.
    • Vere aktiv deltakar i eige liv.

    Merknad

    Les meir om heimesjukepleie her.

Kontakt

Lene Engebø
Leiar for tildeling
E-post
Telefon 97 99 18 03