Trinn 3 - 4.3.1 - Pårørandestøtte ved informasjon og opplæring, avlasting og/eller omsorgsstønad

Pårørandestøtte i form av informasjon og rettleiing

Lovheimel

Klageveg

Nei.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

Ein del av å avlaste personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid er å tilby pårørandestøtte i form av informasjon og opplæring.  

Kriterium for tildeling

Gjennomføring av relevante pårørandestøtte i form av informasjon og på denne måten også bli tatt omsyn til i saksbehandling knytt til avlasting og omsorgsstønad. 

Praktiske opplysningar

Eksempel på tilbod i Kinn kommune

  • pårørandeskule for demensramma
  • kreftkoordinator
  • parkinsongruppe
  • opplæring og rettleiing frå heimetenesta, fysio- og ergoterapeuttenesta

Lista er ikkje uttømmande.

Opplæring og rettleiing skal sikre at den private omsorgsytaren får den kompetansen og kunnskapen som trengs for å kunne utføre omsorgsoppgåvene på ein måte som er forsvarleg både for den som har hjelpebehovet og for å kunne ivareta si eiga helse- og livssituasjon.

Dei ulike tilboda er lågterskeltilbod.

Forventningar til tenesteytar

  • Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte.
  • Legg til rette for at den pårørande får auka kunnskap om sjukdomsbilete og meistringsstrategiar og tilbod i kommunen.

Forventningar til tenestemottakar

  • Gjer seg kjend med innhaldet i tilbodet.
  • Gir naudsynt informasjon for å få rett bistand og oppfølging. 

Avlasting i institusjon

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS-tenestetype: Avlastning i institusjon.

Eigenbetaling

Nei. Tenesta er gratis og transport til og frå er inkludert.

Mål for tenesta/føremål

Å avlaste personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid, slik at tenestemottakaren kan bu lengst mogeleg i eigen heim.

Kriterium for tildeling

  • Kommunen tildeler tenester på bakgrunn av søknad.
  • Tilbodet er for personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
  • Omsorgsytar må ha så omfattande oppgåver at det er nødvendig med avlasting for at vedkommande skal kunne makte å halde fram med omsorgsarbeidet.
  • Avlasting vil kunne førebyggje meir omfattande hjelp frå kommunen.
  • Tenestemottakar kan ikkje vere åleine heile eller delar av døgnet, slik at det gjev avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie og fritid for omsorgsytaren.
  • Omsorgsbehovet kan vere av fysisk, psykisk eller sosial karakter.
  • Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta.
  • Man må bu saman med den som har behov for avlasting.

Praktiske opplysningar

  • Avlastinga er tidsavgrensa. Kan bli gitt som rullerande.
  • Tenestemottakar må sjølv betale for aktivitetar som ikkje skjer i regi av institusjonen.
  • Den som tek imot avlastningsopphald må ha med seg nødvendig personleg utstyr, medisin og hjelpemiddel.
  • Omfang og innhald av tenesta vert individuelt tilpassa etter avtale med tenestemottakar og på bakgrunn av ei tverrfagleg vurdering. Kommunen har høve til å avgrense tilbodet, etter faglege vurderingar.

Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

Tilbodet inneheld ikkje utgreiing, behandling og rehabilitering.

Forventningar til tenesteytar

  • Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte.
  • Legg til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar.

Forventningar til tenestemottakar

  • Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Utfører sjølv det han/ho meistrar.
  • Sørgjer for at private kle er merka med namn.

Merknad

Avlastning blir gitt på

  • Kulatoppen omsorgssenter
  • Furuhaugane omsorgssenter
  • Florø omsorgssenter

Avlasting barn og unge privat

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 7: avlastning utanfor institusjon. IPLOS tenestetype 8: Avlastning i institusjon.

Eigenbetaling

Nei. Tenesta er gratis og transport til og frå er inkludert.

Mål for tenesta/føremål

Å avlaste føresette som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for barn under 18 år.

Kriterium for tildeling

  • Kommunen tildeler tenester på bakgrunn av søknad.
  • Det blir vurdert barneavlasting i bustad som førsteval. Det må føreligge særlege grunnar dersom dette ikkje er mogleg og privat avlasting blir tildelt.
  • Tilbodet er for føresette og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
  • Omsorgsbehovet er slik at det gir avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie og fritid for føresette og familiar.
  • Omsorgsbehovet er av fysisk, psykisk eller sosial karakter, og må vere større enn det som er normalt for barnet sin alder og naudsynt for at vedkommande skulle makte å halde fram med omsorgsarbeidet
  • Avlasting vil kunne førebyggje meir omfattande hjelp frå kommunen.
  • Avlasting vurderast opp mot andre tenester og tiltak som kan avlaste omsorgsytar.
  • Barn over 12 - år skal ha ein uttalerett for kva dei ønskjer.

Praktiske opplysningar

  • Omsorgsplikt -Foreldre har etter barneloven § 30 omsorgsplikt overfor mindreårige, heimebuande barn. "Krav på omsorg og omtanke frå dei som har foreldreansvaret".
  • Den omsorgstrengande må ha med seg personleg nødvendig utstyr, medisinar og hjelpemiddel som brukast dagleg.
  • Avlasting kan skje i og utanfor institusjon.
  • Avlasting skal fortrinnsvis skje i kommunen sine avlastningseiningar for barn og unge.

Innhald i tenesta

  • Kommunen vurderer avlastning opp mot andre tenester og tiltak på bakgrunn av ei tverrfagleg vurdering.
  • Avlastingstiltaket gjeld i utgangspunktet ikkje på høgtidsdagar.
  • Det gjevast tilpassa hjelp til den omsorgstrengande etter fagleg og individuell vurdering.

Forventningar til tenesteytar

  • At det vert ytt ei forsvarleg og god omsorgsteneste.
  • Legg til rette for at den omsorgstrengande får bistand og omsorg, og aktivitet som er tilpassa funksjonsnivået.
  • Opptre på ein respektfull måte.
  • Utarbeide tidfesta plan for avlastning.
  • Utpeike kontaktperson eller primærkontakt til brukar.

Forventningar til tenestemottakar/pårørande/omsorgsytar

  • At ein gjer seg kjent med innhaldet i vedtaket.
  • At ein er ansvarleg for verdigjenstandar og utstyr til fritidssysler som vert teken med.

Merknad

Les meir om avlasting for barn og unge her.

Barneavlasting i bustad

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 7: avlastning utanfor institusjon. IPLOS tenestetype 8: Avlastning i institusjon.

Eigenbetaling

Nei. Tenesta er gratis og  transport er inkludert.

Mål for tenesta/føremål

Å avlaste føresette som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for barn under 18 år.

Kriterium for tildeling

  • Kommunen tildeler tenester på bakgrunn av søknad.
  • Tilbodet er for føresette og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
  • Omsorgsbehovet er slik at det gir avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie og fritid for føresette og familiar.
  • Omsorgsbehovet er av fysisk, psykisk eller sosial karakter, og må vere større enn det som er normalt for barnet sin alder og naudsynt for at vedkommande skulle makte å halde fram med omsorgsarbeidet.
  • Avlasting vil kunne førebygge meir omfattande hjelp frå kommunen.
  • Avlasting vurderast opp mot andre tenester og tiltak som kan avlaste omsorgsytar.
  • Barn over 12 år skal ha ein uttalerett for kva dei ønskjer.

Praktiske opplysningar

  • Omsorgsplikt -Foreldre har etter barneloven § 30 omsorgsplikt overfor mindreårige, heimebuande barn. "Krav på omsorg og omtanke frå dei som har foreldreansvaret".
  • Den omsorgstrengande må ha med seg personleg nødvendig utstyr, medisinar og hjelpemiddel som brukast dagleg.
  • Føresette må søkje spesielt om avlasting på dagar der skule og barnehage er stengt.
  • Informasjon om sommeravlasting og søknadsfrist vert sendt ut i løpet av januar til dei som har vedtak.
  • Søknad for avlasting for sommaren, for dei som allereie har vedtak, må vere kommunen i hende innan 31.mars.

Innhald i tenesta

  • Kommunen vurderer avlasting opp mot andre tenester og tiltak på bakgrunn av ei tverrfagleg vurdering
  • Avlastingstiltaket gjeld i utgangspunktet ikkje på høgtidsdagar.
  • Det gjevast tilpassa hjelp og tilbod til den omsorgstrengande etter fagleg og individuell vurdering.

Forventningar til tenesteytar

  • At det vert ytt ei forsvarleg og god omsorgsteneste.
  • Legg til rette for at den omsorgstrengande får bistand og omsorg, og aktivitet som er tilpassa funksjonsnivået.
  • Opptre på ein respektfull måte.
  • Utarbeide tidfesta plan for avlastning.
  • Utpeike kontaktperson eller primærkontakt til brukar.

Forventningar til tenestemottakar/pårørande/omsorgsytar

  • At ein gjer seg kjent med innhaldet i vedtaket.
  • At ein er ansvarleg for verdigjenstandar og utstyr til fritidssysler som vert teken med.

Merknad

Avlastning i bustad blir ytt

  • i Måløy: Avlastningsbustad på Kulen
  • i Florø: Furutun avlastningsbustad

Les meir om avlasting for barn og unge her.

Omsorgsstønad

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 11: omsorgsstønad.

Eigenbetaling

Nei. Tenesta er gratis.

Mål for tenesta/føremål

Omsorgsstønad er eit støttetiltak for pårørande som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsstønad er meint å gje økonomisk anerkjenning for det omsorgsarbeidet den private omsorgsytaren gjer, og kan givast i kombinasjon med eller i staden for andre helse- og omsorgstenester.

Kriterium for tildeling

Vilkåra er at

  • omsorgsarbeidet er nødvendig
  • det nødvendige arbeidet er «særleg tyngjande»
  • både omsorgsmottakar og omsorgsytar ønskjer at omsorgsarbeidet skal halde fram


Moment som vert tatt omsyn til i vurderinga om omsorgsarbeidet er særleg tyngjande

  • Omfanget av arbeidet.
  • Fysisk og/eller psykisk belastning.
  • Varigheit, fordeling over tid og når på døgnet.
  • Omsorgsyter si livs-, arbeids- og familiesituasjon.
  • Omsorgsplikt.
  • Inntektstap (gjev ikkje automatisk rett på omsorgsstønad).

 

  • Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som blir handsama av tildelingseininga og som resulterer i einskildvedtak.
  • Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta.
  • Den hjelpetrengande må vere heimebuande.
  • For barn må omsorga klart overstige den forventa omsorg for barn på same alder.
  • Omsorgssituasjonen er forventa å vare over tid og skal gjelde nødvendige omsorgsoppgåver.
  • Det er ein føresetnad at søkjar utfører omsorgsarbeid som elles ville høyre inn under helse- eller omsorgstenesta i kommunen.
  • For at omsorgsstønad skal tildelast, må både kommunen og den som har behov for tenestene vurdere omsorgsytar si omsorgsevne som mest tenleg og naudsynt.
  • Det må vere søkt om hjelpestønad frå NAV.
  • Inntektstap gjev ikkje automatisk rett på omsorgsstønad.
  • Det skal takast omsyn til om tildeling av omsorgsstønad er til det beste for den som treng hjelp.
  • Omsorgsstønad må vurderast opp mot andre tenester og tiltak.
  • Omsorgsstønad vert gitt for ei avgrensa tidsperiode og vert revurdert ved behov/endra omsorgssituasjon
  • Omsorgsstønaden tek ikkje sikte på å godtgjere den som yt omsorg time for time, men er ein kompensasjon for meirarbeidet som vert gjort.
  • Stønaden er skattepliktig inntekt.
  • Det vil bli laga oppdragsavtale mellom omsorgsytar og kommunen.
  • Stønaden gir ikkje rett til feriepengar eller løn under sjukdom.
  • Hjelpestønad frå NAV kjem til fråtrekk ved utmåling av omsorgsstønad.
  • Omsorgsstønad tek slutt med det same og utan skriftleg varsel når behovet til omsorgsmottakar vert borte. Stønad vil bli utbetalt to veker etter sluttdato.

Forventningar til mottakar av stønad og omsorgsmottakar

  • Foreldre har ei naturleg og lovpålagt omsorgsplikt for sine barn inntil 18 år.
  • Dersom omsorgsmottakaren vert teken inn i kommunen sine institusjonstilbod eller vert innlagt i private, fylkeskommunale eller statlege institusjonar, vil det ved opphald utover ei veke føreteke trekk i omsorgsstønaden.
  • Stønadsmottakar pliktar å gje melding om slike mellombels opphald til oppdragsgjevar.
  • Gje naudsynt informasjon, og samtykke til å innhente relevante opplysningar for vurdering og tildeling av tenesta.
  • Sette seg inn i oppdragskontrakt.
  • Sette seg inn i vedtak om omsorgsstønad.
  • Omsorgsstønad vert ytt tilbake i tid, frå søknadstidspunktet.

Merknad

Omsorgsstønad er ei godtgjering til omsorgsytar, og ikkje stønad utbetalt som timelønn. Grunnlaget for utrekning av omsorgsstønaden er lågast assistentlønn.

Les meir om omsorgsstønad her.