Trinn 2 - 4.2.9 - Støtte til bustadtilpassing

Lovheimel

Klageveg

Husbank: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) - Kapittel VI. Om klage og omgjøring. - Lovdata.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

“Den politiske intensjonen med ordningen er å oppnå flere tilgjengelige boliger i eksisterende boligmasse. Bruk av tilskudd istedenfor hjelpemidler vil på sikt gi større andel varig tilrettelagte boliger.”

Kriterium for tildeling

Tilskot frå NAV Hjelpemiddelsentral

  • For å ha rett til tilskot frå NAV Hjelpemiddelsentral
    • Innbyggjar må være medlem av folketrygda.
    • Det må føreligge ein sjukdom, skade eller lyte hos innbyggjar som er årsak til den nedsette funksjonsevna.
    • Funksjonsnedsettelsen må ha vart eller forventast til å vare i over to år.
  • Tilskotet skal nyttast for å oppnå varig tilgjengelegheit til eller i eigen bustad, og løysningen skal vere i samsvar med gjeldande Plan- og bygningslov med teknisk forskrift.

Tilskot frå Husbanken

Tilskot til utgreiing og prosjektering bidrar til å

  • finne gode og varige løysingar tilpassa den enkelte sine behov ved nedsett funksjonsevne
  • finne gode løysingar til nøkterne kostnader
  • auke tilgjengelegheita i bustadmassen


Tilskot til tilpassing kan givast til alt frå enkle tiltak til større ombyggingar, for eksempel

  • Utvendig terrengarbeid der det er nødvendig for å betre tilgjengelegheita.
  • Påbygging/ombygging av bustad for å få alle nødvendige rom på eitt plan.
  • Utviding av døropningar/rom/korridorar og byte av dører, inkludert branndører.
  • Fjerning av tersklar og terskelplater.
  • Installering av eller tilrettelegging for velferdsteknologi som får bustaden til å fungere betre og førebyggje behov for tenester eller innlegging i institusjon.
  • Anna arbeid som er nødvendig for at personar med nedsett funksjonsevne kan fortsetje å bu heime.

Praktiske opplysningar

Tilskot frå NAV Hjelpemiddelsentral

NAV Hjelpemiddelsentral kan gje tilskot i staden for trappeheis, løfteplattform eller rampe. For at dei skal kunne gje vedtak på tilskot er det ein betingelse at det ville vært teknisk mogleg å montere heis og/eller rampe. Tilskotet for heis tilsvara det heisen ville ha kostet om den blei installert. Det er to maksimum størrelsar på tilskota til ramper:

  • Eitt for ramper opptil 40 cm høgdeforskjell. Maksimumssatsen er kroner 29 700 kroner pluss mva (37 125 kroner med mva).
  • Eitt for ramper over 40 cm høgdeforskjell. Maksimumssatsen er kroner 53 000 kroner pluss mva (66 250 kroner med mva).

Løysningen det søkast tilskot til, skal godkjennast av NAV Hjelpemiddelsentral før oppstart av arbeidet. Eventuelle endringar av løysning undervegs i byggeperioden må avklarast med NAV Hjelpemiddelsentral, da endring av løysning undervegs kan medføre endring av vilkåra for å motta tilskotet. Løysningen forutset at bruker forskutterar beløpet. Tilskotet kan også i sin heilheit bli øyremerka bruker og utbetalt til kommunen. Det blir då kommunen som følgjer opp saka og kan samordne dei ulike tilskota både frå Husbanken, kommunen og NAV Hjelpemiddelsentral. Valg av utbetalingsmåte må avklares med NAV Hjelpemiddelsentral før oppstart.

Tilskot frå Husbanken

Dei økonomiske rammene knytt til tilskot er låge og det vil ofte verte behov for startlån i tillegg til tilskot.

I ein søknad om tilskot vil det også verte vurdert omfang og behov knytt til økonomiske rammer og om det er behov for å søke om startlån til utbetringa.

Forventningar til tenesteytar

Bustadrådgjevnad basert på kartlegging og utredning av tenestemottakar sitt behov, bustad og omgivnadenes utforming.

Merknad