Trinn 2 - 4.2.8 - Hukommelsesteam

Lovheimel

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Tenesta inngår som ein førebyggande og helsefremmande teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-3.

Klageveg

Nei.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

  • Kartlegge hukommelse, i samarbeid med/etter tilvising frå fastlege.
  • Vere eit lågterskeltilbod retta mot personar med demens eller mistanke om demensutvikling.
  • Hukommelsesteamet arbeider med å kartlegge demenssjukdom.
  • Gje meir kunnskap om sjukdommen og å betre kvaliteten på samværet med personar som er råka av demens.
  • Tilrettelegging og tryggleik i heimen er ein viktig del av dette arbeidet.

Kriterium for tildeling

Demenssjukdom eller vere under utgreiing for demenssjukdom.

Praktiske opplysningar

  • Hukommelsesteamet består av tverrfagleg samansett gruppe.
  • Kvar heimetenestesone har eit medlem i hukommelsesteamet som har ansvar for kartleggingar i sona ein høyrer til i samhandling med ergoterapeut.
  • Demensutgreiing skjer i eit samarbeid mellom fastlege, hukommelseteam og eventuelt spesialisthelsetenesta.
  • Hukommelseteamet har ansvar for å kartlegge funksjonsevne, heimesituasjon og eventuelle hjelpebehov til pasient og pårørande.
  • Etter at diagnosen er stilt, vil oppgåva for hukommelseteamet og fastlegen vere å vurdere behandling, samt å foreslå aktuelle aktivitets- og omsorgstiltak.
  • Få tilbod om å delta på pårørandeskule og i samtalegrupper i samarbeid med Vågsøy demensforening, Frivillighetssentralen i Florø og Krokane Sanitetslag.
  • Styrking av den demensramma sitt nettverk, i samarbeid med pårørande.
  • Arrangere samtalegrupper for pårørande.

Forventningar til tenesteytar

Transport til og frå tilbod er ikkje inkludert.

Forventningar til tenestemottakar

  • Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte.
  • Legg til rette for at den demensramma og pårørande får bistand som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar.
  • Gjer seg kjend med innhaldet i tilbodet.
  • Gir naudsynt informasjon, samt samtykkje til å innhente relevante opplysningar for vurdering og vidare oppfølging. 

Merknad

Du kan lese meir om demensomsorg og hukommelsesteam her.