Trinn 2 - 4.2.7 - Kreftkoordinator

Lovheimel

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Tenesta inngår som ein førebyggande og helsefremmande teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-3.

Klageveg

Ikkje krav om søknad eller vedtak.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS kapittel 17 -Rapportering av koordinator.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

  • Ein kreftkoordinator skal hjelpe til med å koordinere og tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og pårørande på en best mogleg måte.
  • Samordne tilbod og tenester i kommunen.
  • Bidra med gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunane.

Kriterium for tildeling

Du må ha ein kreftdiagnose og/eller eit palliativt forløp og du ønskjer kontakt med kreftkoordinator undervegs i ditt sjukdomsforløp.

Praktiske opplysningar

  • Kreftkoordinator er sjukepleiarar med spesialisering innan kreftsjukepleie.
  • Ein kreftsjukepleiar har fokus på heilskapleg omsorg for pasientar i alle aldrar og deira pårørande.
  • Kreftsjukepleiarar sitt arbeidsfelt er førebygging, behandling, lindring og rehabilitering til pasientar med kreft.

Kreftkoordinator kan mellom anna yte hjelp med

  • oversikt over tilbod som finnast i din kommune
  • å få oversikt over økonomi og rettigheiter
  • å gje råd om korleis snakke med barn om alvorleg sjukdom
  • å hjelpe til med med å orientere barnehage og skule

Forventningar til tenesteytar

  • Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte.
  • Legg til rette for at den kreftramma og pårørande får bistand som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar.

Forventningar til tenestemottakar

  • Ønsker kontakt med kreftkoordinator.
  • Gjer seg kjend med innhaldet i tilbodet.
  • Gir naudsynt informasjon, samt samtykkje til å innhente relevante opplysningar for vurdering og vidare oppfølging.

Merknad

Les meir om kreftkoordinator her.