Trinn 2 - 4.2.6 - Følgjekort

Lovheimel

Ledsagarbevis – Rettleiande nasjonale retningsliner.

Klageveg

Dersom du får avslag på søknad om følgjekort kan det klagast på. Klage skal sendast kommunen som skal vurdere søknaden på nytt.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

Bruken av følgjekort skal gje den funksjonshemma sin ledsagar billegare eller gratis tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement, deltaking i frivillige lag og foreiningar, samt offentleg transportmiddel som den funksjonshemma ikkje ville kunne nytte seg av utan bistand.

Kriterium for tildeling

For personar med funksjonshemming som omfattar fysiske, psykiske og kognitive funksjonar.

Praktiske opplysningar

  • Brukaren av kortet må betale for seg sjølv på arrangement, men følgjepersonen går gratis.
  • Ein kan søke på papir som ein kan hente på Servicetorga eller elektronisk via Kinn kommune si heimeside.
  • Levere/sende passbilde.

Forventningar til tenesteytar

  • Handsamar søknader i tråd med gjeldande regelverk.
  • Oppdatert informasjon på heimesida.
  • At tilsette kjenner til ordninga og kan informere om den.

Forventningar til tenestemottakar

  • Gjer seg kjend med innhaldet i tilbodet.
  • Gir naudsynt informasjon, og samtykkje til å innhente relevante opplysningar for vurdering og vidare oppfølging.
  • Nytter kommunen sine søknadsskjema på papir eller skjema via heimesida.

Merknad

Les meir om følgjekort her.