Kven kan nytte ordninga?
Alle som har behov for bistand kan søke om følgjekort. Bistandsbehovet må normalt vere av minst 2-3 års varigheit. Det er ingen nedre aldersgrense for å få følgjekort.
Det er den enkelte sjølv, som innehavar av beviset, som velger kven som skal vere følgje. Det kan vere ein venn, eit familiemedlem, fritidsassistent, støttekontakt eller andre.
Kva er eit følgjekort?
Eit følgjekort viser at du har rett til å ta med ein følgjeperson til mellom anna kino og kulturarrangement som arrangerast av kommunen.
Elles er det opp til kvar einskilde arrangør eller transportselskap å bestemme om dei godtek følgjekort, og kva rabatt det vil gi.
Du bestemmer sjølv kven som skal vere følgjeperson. Det treng ikkje vere same person kvar gong.
Følgjekortet er personleg, med passbilete og underskrift. Det står på kortet kor lenge det er gyldig.
Kva kostar det?
Det kostar ingenting å søke om følgjekort. Du som brukar kortet må betale for deg sjølv på arrangement du vil delta på, men din følgjeperson går gratis.
Om søknaden
Vi behandler søknaden fortløpande. Du høyrer frå oss innan kort tid. Vi sender deg svar per post så snart vi har behandla søknaden.
Viss du får avslag kan du klage på vedtaket vårt. Du får meir informasjon om korleis du kan klage i brevet frå oss.