Lovheimel
Klageveg
Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.
KPR/IPLOS-registrering
Ja. IPLOS- tenestetype 26 Varsling- og lokaliseringsteknologi.
IPLOS – kapittel 11 Velferdsteknologi.
Eigenbetaling
Nei.
Mål for tenesta/føremål
- Rett medisin til rett tid.
- Gi medisinstøtte på lågast mogleg nivå og hjelp til eigenmeistring.
- Unngå feilmedisinering.
Kriterium for tildeling
- Brukar har behov for helse- og omsorgstenester heimla i lovverk, og fyller kriteria for hjelp til administrasjon av medisinar.
- Brukar er motivert for å ta medisinar.
- Forstår og meistrar bruken av elektronisk medisinstøtte.
- Det takast utgangspunkt i brukaren sine behov og funksjonsnivå, og tenesta tilpassast den enkelte.
Praktiske opplysningar
- Elektronisk medisineringsstøtte varslar via lyd og lys, etter tidspunkt som helsepersonell på førehand har innstilt i samsvar med når medisinar skal takast. Den hjelper brukar med å få tatt medisinar i riktig dose og til riktig tid. Løysinga har moglegheit til å registrere om brukar tar medisin ut av dispenser, og sender varsel til tenesta når medisin ikkje er tatt ut. Tenesta vil då ta kontakt, eller reise ut til brukar.
- Det vert gjort fagleg vurdering av tenesta og vedtak vil fattast som helsetenester i heimen.
- Søkar og fastlege skal gje skriftleg løyve til heimetenesta ved overtaking av medikamentadministrasjon.
Forventningar til tenesteytar
- Gi opplæring i bruk av velferdsteknologisk utstyr.
- Yte hjelp så raskt som mogleg etter at alarm er utløyst (alarm når medisin ikkje er teke).
- Test og vedlikehald av velferdsteknologisk utstyr i samsvar med rutine.
- Tenesteytar opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar.
Forventningar til tenestemottakar
- Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar.
- Gje melding til heimetenesta ved langvarig fråvær frå eigen bustad.
- Utstyret vert behandla forsvarleg.
Merknad
Les meir om velferdsteknologi her.