Velferdsteknologi

Velferdsteknologi kan bidra til å gje brukarane auka livskvalitet og eigenmeistring. Velferdsteknologien skal fremme sosial tryggleik og bidra til å sikre at den enkelte får moglegheit til å bu lengst mogleg i eigen heim.

Gå til søknadsskjema for velferdsteknologi

Velferdsteknologi er eit tillegg til menneskeleg omsorg. Teknologien kan bidra til betre menneskeleg omsorg, ved å gi helsepersonell meir tid til å konsentrere seg om de mellommenneskelege delane av jobben. Kommunen har allereie fleire velferdsteknologiske løysningar i bruk hos kommunen sine innbyggarar. Det er også eit mål at velferdsteknologi skal gi brukarar meir fleksibilitet i eige liv. Et eksempel kan vere at ein ikkje treng å vente på heimetenesta sine besøk for daglege medisiner, men heller styre dette i større grad ved hjelp av for eksempel medisindispenser.

Alarmsentralen har avtale med NetNordic som leverandør i private bustadar og kommunale bustadar utan døgnbemanning. Imates er leverandør av velferdsteknologi til sjukeheim og kommunale bustadar med heildøgnsbemanning.

Sjå videoar om velferdsteknologi