Trinn 2 - 4.2.4 - Digitalt tilsyn

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS- tenestetype 26 Varsling- og lokaliseringsteknologi.

IPLOS – kapittel 11 Velferdsteknologi.

Eigenbetaling

Ikkje fastsett kostnad.

Mål for tenesta/føremål

Digitalt tilsyn tildelast for å gje tryggleik i eigen bustad og bidra til at tenestemottakar kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Kriterium for tildeling

Etiske og juridiske betraktningar: Tekniske løysingar som automatisk varslar omsorgstenesta eller andre, er i større grad inngripande og ein må ha samtykke til grunn for slike anordningar. Dette kan vere anordningar som døralarm, fallalarm og rørslealarm.

  • Brukar sin funksjon, fysisk (inklusiv omgjevnad), kognitivt, psykisk og sosialt, må kartleggast for å finne beste løysing.
  • Auka tryggleik og høve til å bu i eigen heim lenger.
  • Auka tryggleik for ektefelle/pårørande.
  • Søkjar må ha ein sjukdom eller funksjonsnedsetting som kan gjere det nødvendig med varslingsteknologi. For dør-alarm, er t.d. vandring om natta med fare for at brukaren kan gå seg vekk, ein vektig grunn for å sette i verk slike tiltak.

Praktiske opplysningar

  • Digitalt tilsyn vert gjeve saman med tenesta tryggleiksalarm helsehjelp og kan mellom anna gjevast som kamera, døralarm, sengematter, rørslealarmar m.m.
  • Digitalt tilsyn kan også gjevast som ein samtale via video (utan tenesta tryggleiksalarm helsehjelp).
  • Alarmen er knytt til alarmsentralen i Florø heile døgnet, alarmsentralen kontaktar vidare ved behov for utrykking.
  • Dersom utstyret ikkje vert brukt i tråd med intensjonen, kan kommunen krevje utstyret tilbakelevert.
  • Tenestemottakar må syte for framkomeleg veg til bustaden.
  • Tenestemottakar må gje løyve til at nøkkelboks/elektronisk lås vert montert.
  • Vedlikehald og reparasjonar som fylgje av vanlig bruk vert dekka.
  • Tenestemottakar må sjølv betale for skade på utstyr som skuldast aktløyse.

Forventningar til tenesteytar

  • Gi opplæring i bruk av velferdsteknologisk utstyr.
  • Yte hjelp så raskt som mogleg etter at alarm er utløyst.
  • Test og vedlikehald av velferdsteknologisk utstyr i samsvar med rutine.
  • Tenesteytar opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar.

Forventningar til tenestemottakar

  • Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar.
  • Gje melding til heimetenesta ved langvarig fråvær frå eigen bustad.
  • Utstyret vert behandla forsvarleg.

Merknad

Les meir om velferdsteknologi her.