Trinn 2 - 4.2.3 - Lokaliseringsteknologi GPS

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS- tenestetype 26 Varsling- og lokaliseringsteknologi.

IPLOS – kapittel 11 Velferdsteknologi. 

Eigenbetaling

Ikkje fastsett kostnad.

Mål for tenesta/føremål

  • Bidra til auka tryggleik og rørslefridom for pasient/ brukar.
  • GPS gjer det mogeleg å sjå både kvar ein person oppheld seg eller har opphalde seg.

Kriterium for tildeling

  • Det skal først vurderast om søkjar og pårørande er i stand til å skaffe og administrere dette i privat regi.
  • Må ha ein demensdiagnose/kognitiv svikt.
  • Det er nødvendig med kartlegging og vurdering av om brukaren klarer utfordringar i omgjevnader, trafikk og terreng.
  • Brukar/pasient må samtykke til bruk
  • Høve til rask respons.
  • Tiltaket må redusere faren for uønska hendingar.
  • Tiltaket kan vere med på at brukar får ei aktiv fritid og auka kontakt med andre.
  • Auka tryggleik og høve til å bu i eigen heim lenger.
  • Auka tryggleik for ektefelle/pårørande.
  • Tiltaket kan gje rørslefridom utan at brukar utset seg for risiko ut over det normale. 

Praktiske opplysningar

Tiltaket skal vurderast kontinuerleg og straks avsluttast så snart det ikkje er forsvarleg eller behov for.

Det vil i vedtak bli klargjort ansvar i høve kven i nærområdet som vil reise ut når GPS melder, heimetenesta eller ein person i nærområdet

Forventningar til tenesteytar

  • Fortløpande vurdere behov for tenesta.
  • Har satt seg inn i bruken og rutinar for GPS.
  • Må følgje rutinar for aktivering/deaktivering.

Forventningar til tenestemottakar

  • Melde frå ved endra behov.
  • Levere tilbake utstyr ved avslutning av tenester.
  • Har satt seg inn i bruken av GPS.

Merknad

Du kan lese meir om velferdsteknologi her.