Lovheimel
Klageveg
Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.
KPR/IPLOS-registrering
Ja. IPLOS tenestetype 06 – tryggleiksalarm. IPLOS registrering kapittel 11 - tryggleiksalarm.
Eigenbetaling
Nei. Ved tap av alarmknapp må tenestemottakar erstatte denne.
Mål for tenesta/føremål
Tryggleiksalarm kan fungere som støtte for både brukarar, pårørande og tilsette i helse- og omsorgstenesta. Ved å gje auka tryggleik til personar med sjukdom som under visse omstende kan ha trong for å tilkalle hjelp. Det kan vere akutt forverring av sjukdom, fall eller liknande. Tenesta vert gjeve som helsehjelp, eventuelt i tillegg til andre tenester, for å kunne gje eit forsvarleg helsetilbod i heimen.
Kriterium for tildeling
- Førebygge behov for andre tenester.
- Søkjar har sjukdom, eller anna som hindrar bruk av telefon/ mobiltelefon.
- Søkjar må vere i stand til å nytte alarmen etter føremålet og vere motivert for tilbodet.
- Vurdering av om brukar evnar å forstå bruk av tilbodet.
- Tryggleiksalarm helsehjelp vert gjeven saman med tenesta digitalt tilsyn og kan mellom anna gjevast som kamera, døralarm, sengematter, rørslealarmar m.m.
Praktiske opplysningar
Dersom ein ikkje er busett på fastlandet eller bur langt i frå heimetenesta si plassering, må ein ha ein person i nærområdet som tek på seg ansvaret for å reise ut når ein nyttar tryggleiksalarmen.
Forventningar til tenesteytar
Tiltaket skal vurderast kontinuerleg og straks avsluttast så snart det ikkje er forsvarleg eller behov for.
Det vil i vedtak bli klargjort ansvar i høve kven i nærområdet som vil reise ut når du nyttar tryggleiksalarmen, heimetenesta eller ein person i nærområdet.
Forventningar til tenestemottakar
- Fortløpande vurdere behov for tenesta.
- Har satt seg inn i bruken og rutinar.
- Må følgje rutinar for aktivering/deaktivering.
Merknad
Les meir om tryggleiksalarm her.