Trinn 2 - 4.2.1 - Tryggleiksalarm serviceteneste

Lovheimel

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Tenesta inngår som ein førebyggande og helsefremmande teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-3.

Klageveg

Forvaltningslova §§ 28 og 29.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 06 – tryggleiksalarm.

IPLOS registrering kapittel 11 - tryggleiksalarm

Eigenbetaling

Ja. Brukar betaler eigenandel etter fastsett «Gebyr og betalingssatsar i Kinn»

Mål for tenesta/føremål

Fungerer som støtte for både brukarar, pårørande og tilsette i helse- og omsorgstenesta.

Kriterium for tildeling

  • Førebygge behov for andre tenester.
  • Søkjar auka behov for tryggleik.
  • Søkjar må vere i stand til å nytte alarmen etter føremålet og vere motivert for tilbodet.
  • Vurdering av om brukar evnar å forstå bruk av tilbodet.

Praktiske opplysningar

  • Det er 1 månads oppseiingstid.
  • Ved tap av alarmknapp må brukar erstatte denne.
  • Ved behov for nye batteri og/eller slitasje på reim er dette forbruksvare som brukar må dekke sjølv.
  • Dersom ein ikkje er busett på fastlandet eller bur langt i frå heimetenesta si plassering, må ein ha ein person i nærområdet som tek på seg ansvaret for å reise ut når ein nyttar tryggleiksalarmen.

Forventningar til tenesteytar

  • Tiltaket skal vurderast kontinuerleg og straks avsluttast så snart det ikkje er forsvarleg eller behov for.
  • Alarm vil bli montert så snart det er kapasitet etter vedtak.
  • Det vil bli gitt opplæring og rettleiing
  • Kinn kommune nyttar Alarmsentralen som responssenter. Når tenestemottakar utløyser alarmen blir du kontakta av responssenteret via alarmboksen. Responssenteret tek så kontakt med heimetenesta som kjem heim til deg så fort dei kan.

Forventningar til tenestemottakar

  • Fortløpande vurdere behov for tenesta.
  • Har satt seg inn i bruken.
  • Må følgje rutinar for aktivering/deaktivering.

Merknad

Les meir om tryggleiksalarm her.