Trinn 1 - 4.1.9 - Pårørandeskule

Lovheimel

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Tenesta inngår som ein førebyggande og helsefremmande teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-3.

Klageveg

Det kan ikkje klagast på tenesta.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

Pårørandeskulane skal vere ein møteplass som gir pårørande støtte til å meistre utfordringar. Dette kan vere praktiske utfordringar eller utfordringar knytt til kjensler. Skulen er eit samarbeid mellom Hukommelsesteamet i Kinn kommune, Nasjonalforeininga for folkehelsa ved Vågsøy Demensforeining og Krokane Sanitetslag i Florø.

Kriterium for tildeling

Har familie eller nære venner med demenssjukdom.

Praktiske opplysningar

  • Det blir arrangert årleg.
  • Du kan få hjelp med transport dersom det er vanskeleg.

Forventningar til tenesteytar

  • Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte.
  • Legg til rette for at den pårørande får auka kunnskap om sjukdomsbilete og meistringsstrategiar og tilbod i kommunen.

Forventningar til tenestemottakar

  • Gjer seg kjend med innhaldet i tilbodet.
  • Gir naudsynt informasjon for å få rett bistand og oppfølging.

Merknad

Les meir om pårørandeskule her.