Trinn 1 - 4.1.8 - Parkeringsbevis

Lovheimel

Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede.

Klageveg

Vedtak kan påklagast og vert handsama i klagenemnda til Kinn kommune. Send klagen til Kinn kommune og merk klage parkeringsbevis.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

Gi rørslehemma, med eit reelt behov for parkeringslette, eit tilgjengeleg parkeringstilbod.

Kriterium for tildeling

  • Legeerklæring og utfyllande opplysningar frå søkjar.
  • For dei som søker som førar må ein ha gyldig sertifikat lenger enn 2 år.
  • For dei som søker som passasjer er kommunen pliktig til å sjå på alternative løysingar dersom du ikkje treng følgje eller må ha konstant tilsyn.

Praktiske opplysningar

  • Søknadsskjema, saman med legeerklæring og kopi av gyldig sertifikat dersom du søker som førar, sendast til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy eller leverast på servicetorget i Florø eller Måløy.
  • Sakshandsamingstid for slike søknader er inntil 3 veker.

Forventningar til tenesteytar

Kinn kommune har dialog med legar og Florø Parkering ved behov for utfyllande opplysningar.

Forventningar til tenestemottakar

  • Fylle ut søknadsskjema.
  • Innhente legeerklæring.

Merknad

Les meir om parkeringsløyve for forflytningshemma her.