Parkeringsløyve for forflytningshemma

Parkeringskort for forflytningshemma gjev deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for rørslehemma, og er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon.

Elektronisk søknad

Informasjon og service handsamar HC-søknadar for Kinn kommune.

Parkeringskort vert utstedt til deg som ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg over ei viss lengde, og derfor har særleg trong for å kunne parkere nær bustad, arbeid og/eller anna aktivitet. Du kan få parkeringskort både som førar av motorvogn og som passasjer dersom du har særskilde behov.

Vurderingar

Det er ikkje behovet for å nytte motorvogn, men behovet for parkeringslette som skal leggast til grunn ved vurdering av søknad. Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning. Det at det gir økonomiske fordelar (t.d. gratis parkering på offentleg avgiftsbelagte plassar og gratis passering i bomringer) til personar med parkeringskort, er ikkje noko som påverkar handsaminga av søknaden.

Parkeringsløyve for forlfytningshemma gjev, i samband med transport av den som har fått løyvet, adgang til å parkere køyretøy i heile landet.

Parkeringskort skal ved parkering plasserast med forsida godt synleg bak frontruta. Parkeringskortet er personleg, og kan ikkje knytast til ein organisasjon/eller andre personar.

Kontakt

Sentralbord
E-post
Telefon 57 75 60 00


Opningstider: 09.00 - 15.00