Kinn Kommune

Aktuelt

23.06.2022 08.43

Hygienesertifikat

Hygienesertifikat

Kinn kommune er godkjend av Helsedirektoratet til å utføre inspeksjon og utstede hygienesertifikat for skip i utenriksfart.

Dette gjeld:

  • SSCEC / SHIP SANITATION CONTROL EXEMPTION CERTIFICATE (dispensasjonssertifikat, gyldig i 6 md.)
  • SSCC / SHIP SANITATION CONTROL CERTIFICATE (hygienekontrollsertifikat, gyldig i 6 md.)
  • EXTENSION OF SSCEC / SSCC
    forlengelsessertifikat I unntakstilfeller, gyldig i 30 dagar.

Dette er i medhald av IHR-forskrift, §21 / Internasjonalt helsereglement.

Skip i utenriksfart plikter å ha gyldig hygienesertifikat. Helsedirektoratet gir retningslinjer og fastset takstar for hygienesertifikat.

Føremålet med hygienesertifikat er å forhindre hendelsar som kan påverke internasjonal folkehelse. Dette innebærer mellom anna kontroll av rutiner for oppbevaring og lagring av matvarer, rutine for hygiene i byssse/messe, kontroll av drikkevatn, hygiene og rutiner i hospital, i svømmebasseng, i sanitærom og rutiner for avfallshandtering.

For fleire detaljar, sjå sjekkliste i handbok for "Inspection of ships and issuance of ship sanitation certificates".

Bestilling av inspeksjon

Florø

Måløy

Folkehelseavdelinga:

tlf. 57756191 (man–fre kl.08.00-15.30)

e-post: siri.osnes@kinn.kommune.no

Måløy legekontor:

tlf. 57845230 (man–fre kl.08.00-15.30)

e-post: maloy-legekontor@kinn.kommune.no

 

Ved bestilling av inspeksjon for hygienesertifisering ber vi om desse opplysingane:

  • Namn på skip, flaggstat, IMO-nummer og kontaktinformasjon
  • Kontaktinformasjon til agent når agent bestiller tenesta
  • Kvar fartøyet kjem frå og og ønska tid og stad for inspeksjon
  • Kopi av forrige hygienesertifikat, kan scannast og leggast ved eposten
  • PO/referanse og fakturaadresse