Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er skuleelev og under 20 år.
Skulehelsetenesta arbeider for å fremje god helse blant born og unge og styrkje deira meistring av kvardagen gjennom helseopplysning, foreldre- og elevrettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjon. Skulehelsetenesta kan gi råd og rettleiing om fysisk, psykisk og seksuell helse.
Skulehelsetenesta har i tillegg til fastsatt program, også lokale tilbod på enkelte skulesteg. Skulehelsetenesta består av helsesjukepleiar og skulelege. Vi kan samarbeide med andre etter behov og avklaring med eleven og eventuelt føresette. Ved behov kan du bli vist vidare til fastlege, fysioterapeut, psykolog/psykiatrisk sjukepleiar. Alle dei tilsette i skulehelsetenesta har teieplikt.
Helsesjukepleiar er tilgjengeleg for alle elevar - kom gjerne innom for ein prat. Du finn oss i skulen sine lokale. Foreldre må gjerne ta kontakt på telefon.
Du finn telefonnummer til helsesjukepleiar i skulehelsetenesta i lista nedanfor:
Grunnskulen
- 1.kl. Helseundersøking ved helsesjukepleiar og lege
- 2.kl. Vaksine (DTP-P: difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt)
- 3.kl. Måling av høgde og vekt. Helseopplysning om kosthald og aktivitet. Helsekartlegging, oppfølging etter behov
- 5.kl. Pubertetsundervisning
- 6.kl. Vaksine (MMR: meslingar, kusma og røde hundar). Undervisning med SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep)
- 7.kl. Vaksine (HPV: humant papilloma virus), to dosar
- 8.kl. Samtale individuelt om helse og trivsel. Måling av høgde og vekt
- 9.kl. Seksualitetsundervisning
- 10.kl. Vaksine (DTP-P: difteri, stivkrampe, kikhoste, polio)
Helsesjukepleiar har kontortid på dei vidaregåande skulane. Du kan snakke med oss om til dømes prevensjon, personlege problem og andre utfordringar i kvardagen. Du kan få resept på prevensjon, test for klamydia og graviditet og gratis kondom. Skulehelsetenesta tilbyr også undervisning til avgangselevar, undervisning om psykisk helse og vaksine mot meningokokksjukdom (smittsam hjernehinnebetennelse).
Du har rett til gratis vaksine etter gjeldande barnevaksinasjonsprogram fram til du fyller 20 år. Dersom du av ulike grunnar ikkje har fått ein eller fleire av vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet til ordinær tid, kan du få dette på helsestasjonen.
Ungdom kan også bruke tilbodet helsestasjon for ungdom.
Publisert 01.10.2019 16.02
Sist endra 26.06.2024 09.30