Er du mellom 13 og 20 år, kan du benytte deg av helsestasjonen for ungdom som er ei tilleggsteneste til skulehelsetenesta. Tilbodet er gratis og du behøver ikkje bestille time, det er bare å møte opp. Alle som jobbar på helsestasjonen har teieplikt.
Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til deg mellom 13 og 20 år. Du treng ikkje bestille time.
- Prevensjon; resept og rettleiing om bruk, innsetting og uttak av p-stav
- Testing for seksuelt overførbare sjukdomar (kjønnssjukdommar)
- Graviditetstest
- Gratis kondom
- Gynekologiske undersøkingar og innsetting spiral (Florø)
- Rettleiing ved graviditet
- Rådgjeving ved til dømes eteforstyrringar, søvnvanskar, rusproblem, tristhet, problem i forhold til skule, heim eller vener
I Florø møter du helsesjukepleiar/jordmor og lege. I Måløy treff du helsesjukepleiar. Dei kan gi deg råd og rettleiing eller dei kan vise deg vidare til fastlege eller spesialist ved behov. Alle fagpersonane du møter på helsestasjonen har teieplikt.
Publisert av Frida Rogne
Publisert 18.11.2019 10.14
Sist endra 05.01.2023 15.22