Frisklivssentralen er eit kommunalt tilbod. Målet er å fremme helse og førebygge sjukdom ved å gi tidleg hjelp til å endre levevanar og meistre helseutfordringar.
Frisklivsrettleiar ved frisklivssentralen gir strukturert, tilpassa og tidsavgrensa oppfølging basert på individuell rettleiing, kurs og gruppebaserte tilbod. Vi arbeidar med livsstilsendringar innan kosthald, psykisk helse, søvn, snus- og røykeslutt og fysisk aktivitet.
Målgruppe
Friskliv- og meistringssentralen er eit lågterskeltilbod med fokus på å forebygge. Målgruppa er personar som har behov for å endre levevaner på grunn av auka risiko for sjukdom, eller for deg som allereie har utvikla ein sjukdom.
Tilvising
Du kan få tilvising hjå lege, NAV eller anna helsepersonell. Du kan og ta kontakt på eige initiativ.
Andre tilbod, kurs og informasjon
Søvnkurset “Sov godt” er eit kurs som kan vere nyttig for deg som har problem med søvn. Kurset er utvikla av Helsedirektoratet, og er basert på kunnskap frå Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsydkommer (sovno.no) og Folkehelseinstituttet. Berge kommune arrangerer no eit interkommunalt digitalt søvnkurs some er ope for alle i Vestland fylke.
Om søvnkurset
Søvnkurset går over fire samlingar på 2 timar pr. stk. Oppstartsdato:
For å melde deg av kurset må du gjere det på e-post frisklivssentralen@bergen.kommune.no.
Søvnkurs er for deg som opplever søvnvanskar som går ut over kvardagen, og for deg som ønskjer å forbetre søvnkvaliteten utan bruk av medikament.
Dei fleste som får behandling for søvnproblem mottar medikament til tross for at kognitiv åtferdsterapi har vist seg å vera langt meir effektivt. Du kan oppnå betydeleg forbetring av søvnen med relativt enkle grep. Heilt fritt for biverknad! Dette er utgangspunktet for søvnkurset “Sov godt”. Du kan lese meir via Bergen kommune sin Frisklivssentral si heimeside.
Det blir gratis Tankevirus-kurs for elevar, lærlingar og skuletilsette i september og oktober.
Meld deg på kurs via Vestlandfylke si heimeside
Digitalt og anonymt
Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.
Kursa er digitale, og alle deltek anonymt.
Det blir slike Tankevirus-kurs i Vestland hausten 2024:
- Kurs for elevar: 21. og 28. oktober
- Kurs for lærlingar og lærekandidatar: 22. og 29. oktober
- Kurs for tilsette i skulen: 20. og 27. september
Kursa går over to dagar, og deltakarane må såleis setje av begge dagane.
Gå til påmeldingsskjema
Friskliv og Meistring tilbyr kurs for deg som ynskjer å slutte med røyk og snus. Mange klarar å slutte på eiga hand, men det er dokumentert at støtte og veiledning øker sjansen for å klare det.
Hausten 2024 har vi digitalt interkommunalt røykesluttkurs på teams, åpent for alle i Vestland fylke. Kurset har ingen kursavgift.
Nokre tema som blir presentert:
- Korleis brukar du tobakk?
- Korleis planleggar du å slutte?
- Kva hindrar deg?
- Bruk av tobakk - vane og avhengighet
- Legemidlar og elektroniske hjelpemidlar
- Å øve på å utsette, avlyse og erstatte tobakken
- Glipp og sprekk
- Vekt og mat
- Gevinstar
- Kanskje sette en dato?
- Planlegge ditt SLUTTEPROSJEKT
Kursdatoar hausten 2024
- 17. september, kl 14.00 – 15.30
- 24. september, kl. 14.00 – 15.30
- 1. oktober, kl. 14.00 – 15.30
- 22. oktober, kl. 14.00 – 15.30
- 29. oktober, kl. 14.00 – 15.30
- 5. november, kl. 14.00 – 15.30
I dette klippet kan du sjå eit seminar om aktiv aldring, og korleis halde deg i form.
Publisert 24.01.2020 11.03
Sist endra 15.11.2024 11.13