Dagtilbod på Florø omsorgssenterLytt til tekstenStopp avspillingTilbod om dagaktivitet i Florø er per i dag lokalisert til Florø omsorgssenter. Tilbodet må søkast på, og blir innvilga om ein stettar krav i Helse og omsorgstjenesteloven. Gå til søknadsskjema for dagtilbod Kven kan søke plass på dagaktivitet? Du som har fått eller er under utgreiing for ein demenssjukdom, bur i eigen heim og har behov for bistand for å komme deg ut å treffe andre samt behov for aktivisering i kvardagen.Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ønskje tenesta.Må ha behov for rettleiing/trening/aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter.Partner/pårørande har behov for bistand og støtte til omsorgsarbeidet. Kva kan vi hjelpe deg med på dagtilbodet? Det vil til ein kvar tid vere personale tilstades som vil hjelpe deg medan du er hos oss. Du vil få tilbod om ein meiningsfylt kvardag med faste rutinar og sosialt samvær i saman med andre. I tillegg kan du få delta på felles måltid, tilrettelagte aktivitetar, til dømes forming, fysisk aktivitet og kreativ utfolding. Aktivitetane blir tilrettelagt og tilpassa etter ditt funksjonsnivå. Det er utarbeida vekeplanar som beskriv desse aktivitetane. Eksempel på aktivitetar kan vere: trim uteaktivitetar eller aktivitet inne på eigen verkstad lesegrupper konsertar frå ulike grupper/musikkterapeutar individuelle tilbod frå musikkterapeut Matlaging med kokk Vi tek omsyn til interesser og ferdigheiter, humør og dagsform. Kva kan du forvente av tenesta? Du kan forvente å bli teken imot av eit personale som ønsker deg vel, og som har erfaring og kompetanse innan demenssjukdom og miljøretta arbeid. Vi vil samarbeide så godt som råd med dei andre tenesteytarane i kommunen for å gje deg eit så godt tilpassa og koordinert tilbod som mogleg. Du kan sjølvsagt forvente at personalet ved senteret har teieplikt og at vi ivaretek denne.Du kan forvente at du får ta del i ulike aktivitetar innan til dømes dans, musikk, litteratur, forming, fysisk og kognitiv trening, matlaging og aktivitetar knytta til årstider/høgtider.Du kan òg forvente at vi vil strekke oss langt for å tilrettelegge for andre aktiviteter du måtte ønske. Ved dagtilbodet vert du tilbydd og oppmuntra til å delta, men det vil alltid vere du sjølv som avgjer kva du skal delta på eller bidra med. Dette forventar vi av deg Som deltakar på dagtilbodet vert det forventa at du deltek på ulike sosiale aktivitetar. Ein ber òg om at det vert gjeve beskjed til oss dersom du reiser vekk eller ikkje kan kome til senteret til avtalt tid. Dette for å kunne legge til rette for eit best mogleg tilbod til deg. Om du gjer melding om fråver slepp du å betale for denne dagen. Slik behandlar vi søknaden din Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan avgjerast innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysingar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka. Vurdering Vi kartlegger søknaden din før du får svar. Sakshandsamar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk. Når det vert gjort vedtak i saka vil det i vedtaket gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du skal alltid få ei grunngjeving om det kan tenkast at du er ueinig i vedtaket. Dersom du ikkje får denne grunngjevinga, og du er misfornøgd med vedtaket, kan du få ei slik grunngjeving ved å kontakte leiar for tildeling. Dette må skje innan 3 veker etter du har mottatt brevet. Kva kostar tenesta? Sjølve aktivitetstilbodet er gratis.Du betalar for måltid og transport til/frå om du treng det.Middag m/dessert kr 137Transport kr 43 t/rFrukost kr 24Du betalar kun for dei transportane du faktisk nyttar og dei måltida du et, men middagen må avbestillast 4 dagar før for å unngå faktura. Du vil få tilbod om å få middagen frakta heim ved fråver. Ved akutt sjukehusinnleggelse gjeld fakturafri avbestilling frå dag 1. Alle kostnadar knytt til aktivitetstilbodet vert samla i ein faktura ein gong pr. mnd. Du kan klage på vedtaket Klaga skal sendast: Kinn Kommune v/ Tildeling helse og velferdstenester, postboks 294, 6701 Måløy. Lover og retningsliner Prinsipp og kriterium for tildeling av tenester i Kinn kommunePasient og brukarrettighetslova Publisert 06.02.2023 10.34 Sist endra 14.02.2025 13.02