Trinn 3 - 4.3.2 - Dagaktivitetstilbod for personar med demenssjukdom

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS – tenestetype 4 Dagaktivitetstilbod. IPLOS kapittel 4 – Funksjonsvariablene.

Eigenbetaling

Ja. Brukar betaler eigenandel etter gjeldande «Gebyr og betalingssatsar i Kinn».

Det vert kravd betaling for mat og transport.

Mål for tenesta/føremål

  • Bidra til at brukar kan bu lengst mogleg i eigen heim.
  • Bidra til å trygge kvardagen til personar med demenssjukdom.
  • Førebyggje einsemd, sosial trening og helsefremjande tiltak.
  • Forebygge behov for tenester på et høgare omsorgsnivå.

Kriterium for tildeling

  • Du har fått eller er under utgreiing for ein demenssjukdom, bur i eigen heim og har behov for bistand for å komme deg ut å treffe andre samt behov for aktivisering i kvardagen.
  • Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ønskje tenesta.
  • Må ha behov for rettleiing/trening/aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter.
  • Partner/pårørande har behov for bistand og støtte til omsorgsarbeidet.

Praktiske opplysningar

  • Det kan vere hjelp til eigenomsorg og aktivisering.
  • Det blir arrangert turar i nærområdet.
  • Det blir utført individuelt tilpassa aktivitetar.
  • Det er i eit fellesskap med andre.
  • Felles måltid
  • Ope alle verkedagar 
  • Dersom man får tilbod om heildøgns omsorgsbustad eller institusjon vert tilbodet avslutta

Forventningar til tenesteytar

  • Tenesteytar møter brukarane med respekt og forståing.
  • Tilbodet vert tilrettelagt slik at den enkelte føler meistring i dei arbeidsoppgåvene dei gjer.

Forventningar til tenestemottakar

  • Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar.
  • Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Gje beskjed dersom ein ikkje kan møte opp til avtalt tid.

Merknad

Melde frå 4 dagar frå før med tanke på avbestilling mat, utanom akutt sjukehusopphald.

Tilboda finnast per i dag på:

Opningstider 9-15 på kvardagar.