Krigen i Ukraina

Kven har ansvar for kva? 

  • Politiet registrerer søknadar om asyl.                       
  • UDI gir beskyttelse og sørger for innkvartering i ulike mottakssenter.
  • IMDi koordinerer busetting- og integreringsarbeid.
  • Kommunane gir tenester til dei som bur i mottak/akuttinnkvartering, og busetter og integrerer flyktningar etter avtale med IMDi.

Ukrainarar og innreise til Norge

Politiets utlendingsenhet (PU) registrerer alle asylsøkarar som kjem til Norge for å søke om beskyttelse (asyl). Dette skjer ved Nasjonalt ankomstsenter i Råde i Viken. 

Om ein ikkje har blitt registrert ved Nasjonalt ankomstsenter, må flyktningar frå Ukraina som kjem til Sogn og Fjordane kontakte lokalt politi for å bli registrert som asylsøkar. Du vil så bli kalt inn til asylintervju på Førde politistasjon

Alle ukrainarar kan fritt reise til Norge dersom dei har biometrisk pass.

Ukrainske borgarar som allereie er i Norge på tillating eller visumfritt besøk som løper ut, får vere her inntil vidare (utreiseplikta er suspendert).

Ukrainarar må reise lovleg inn til Norge, sjølv om det er krig i heimlandet deira. Enkeltpersonar tar no initiativ til å hente flyktningar frå Polen til Norge. Innreisereglane må likevel følgast. Transport av mennesker uten riktige dokumenter for lovleg innreise reknast som menneskesmugling, som er straffbart.

Dei som kjem til Norge ulovleg og ønsker asyl, skal straks gå til politiet og be om beskyttelse.

Kjæledyr frå Ukraina

Mattilsynet må registrere og kontrollere alle dyr som kjem til Norge med ukrainske flyktningar. Dette for å minimere risikoen for å spre dødelege sjukdomar, som rabies, til menneske og dyr her til lands.

Vi oppmodar i denne samanheng om å ta kontakt med Mattilsynet dersom du veit om, eller har
kjennskap til flyktningar som kjem hertil med kjæledyr. Kostnader knytt til handtering, kontroll og evt.
anna tilhøyrande oppfølgjing vert dekka av Mattilsynet. Ta kontakt med Mattilsynet på telefon 22 40 00 00.

Meir informasjon om kjæledyr frå Ukraina finn du her (norsk, engelsk og ukrainsk)

Har du møblar å gje vekk eller selje?

Det er behov for møblar som senger, spisebord, kleskap osv, og anna inventar som utstyr til barn, kvitevarer, koppar og kar. Dersom du har noko å gje vekk er det fint om du fyller ut skjemaet nedanfor, så tek kommunen kontakt og avtalar henting. 

Fyll ut skjemaet for å gi vekk eller selje møblar her

Takk til innbyggjarane i Kinn!

Tusen takk til alle som har meldt inn møblar og anna interiør til flyktningmottaket så langt! Det er behov for meir, og skjemaet er framleis ope. No er det også mogleg å registrere om ein har ledig utstyr til barn. Dei som har fylt ut skjema vil bli kontakta på telefon eller via tekstmelding.

Har du ein ledig bustad?

Vi har fått mange meldingar frå innbyggjarar som har ledige husrom til flyktningane. Du vil bli kontakta av kommunen dersom det blir aktuelt for kommunen å leige av deg. 

Det kan bli behov for fleire bustader i samband med busetjing av Ukrainske flyktningar. Har du ledig husrom vil Kinn kommune v/bustadkontoret gjerne ha beskjed om det. Send e-post til bustadkontoret@kinn.kommune.no.

Dette må du ha med: namn, adresse, kontaktinformasjon, skildring av bustaden, størrelse, antall soverom, bad/kjøkken og evt. kor lenge den kan benyttast (NB: ikkje skriv inn sensitiv informasjon).

Registrer deg som frivillig

Frivilligheit Norge følger situasjonen i Ukraina og grenseområda. I Kinn kan du kontakte frivillighetssentralen som kan sette deg i kontakt med lokale lag og organisasjonar som driv hjelpearbeid/sosialt arbeid.  

Atomberedskap

Krigshandlingar i område med kjernekraftverk fører til auka risiko for radioaktive utslepp, men norske myndigheiter har understreka at sannsynet for at vi vil måtte ta jodtablettar som følgje av eventuelle utslepp i Ukraina er svært lågt grunna avstanden. Det er likevel ei generell oppmoding om at alle under 40 år har jodtablettar av typen Jodix 130 mg heime som del av eigenberedskapen.

Kinn kommune går gjennom den lokale atomberedskapen for å sikre at vi kan tilby raskt utlevering av jodtablettar til barn og unge under 18 år, gravide og ammande som sjølv ikkje har jodtablettar heime. 

Tilfluktsrom

Både i Florø og Måløy har vi offentlege tilfluktsrom der dei som er i nærleiken kan søkje tilflukt i ein akutt krigssituasjon. I fredstid blir tilfluktsromma gjerne brukt til lager eller andre formål. Kommunen går gjennom sine tilfluktsrom for å sikre at dei er klare til bruk 72 timar etter varsel om klargjering slik kravet er. Vi oppmodar alle som har private tilfluktsrom om å sikre at òg desse kan klargjerast i løpet av 72 timar.

Meir informasjon og kvar dei offentlege tilfluktsromma er finn du her.

Eigenberedskap

Det er mykje du sjølv kan gjere for å førebu deg på ein krisesituasjon. Ved eit langvarig bortfall av straum eller dersom du blir isolert grunna vêret bør du vere rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn. Ein viktig del av dette er å etablere ditt eige beredskapslager. På sikkerhverdag.no kan du lese meir om kva dette lageret bør innehalde.

Nyttige nettsider