Oppstart av namnesak Årebrot

Etter ynskje frå Botnane og Årebrot Grendal (BÅG) har Kinn kommune teke opp namnesak for bygdenamnet Årebrot(et) 20.07.25.

Sjå namneliste her (PDF, 478 kB)

Kartverket vurderte at det var ynskjeleg med ei samordning av bygdenamnet, namnet på gardsnr. 10 Årebrotsvågen/Årebrot(et) og andre avleidde namn når skrivemåten først skal vurderast, og tok difor opp namnesak for alle Årebrots-namna i tilknyting til gnr. 10

Kartverket nyttar samstundes høvet til å reise namnesak for nokre fleire namn som har skrivemåtestatusen 'føreslege' i Sentralt stadnamnregister (SSR). Saka vert teken opp for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk. 

Statens kartverk sender med dette saka på lokal høyring i kommunen, jf. § 8 i lov om stadnamn. I tillegg til primærnamna tek Kartverket avleidde namn med i saka, jf. § 8 siste ledd i forskrift om stadnamn. Lista inneheld også namn knytt til tilsvarande sak på Nærøyane. Det går fram av den vedlagde lista kva for namn som er med i saka.

For fleire opplysningar om namna, sjå innsynsløysinga i SSR: Norgeskart. Somme bruksnamn står berre i matrikkelen og kan søkjast opp i eiendomsregisteret.no. Søk på: gardsnummer/bruksnummer og namnet på kommunen.

Lokal høyring

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av m.a. naturnamn, nedervde gards- og bruksnamn, seternamn og statlege anlegg. Før Kartverket gjer vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til. Saker som gjeld bruksnamn, skal eigarane få tilsende direkte frå kommunen. 

Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor ber vi om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, ber vi om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.

Normeringsprinsipp

I tillegg til å ta utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen, skal ein som hovudregel følge gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn, jf. § 4 fyrste ledd i lov om stadnamn. Skrivemåten skal vere praktisk og ikkje skygge for meiningsinnhaldet i namnet. I utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn er det meir detaljerte føresegner om korleis stadnamn skal normerast. 

Skrivemåten av primærnamnet vil normalt vere retningsgjevande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar, t.d. for adressenamn som er like eller avleidde av namnet, jf. § 4 tredje ledd i lova. Kommunen må difor sette på vent eventuelt pågåande saker som gjeld adressenamn og adressetilleggsnamn, der dei same namna inngår, til det er gjort vedtak om skrivemåten av primærnamnet. Kommunen må ta omsyn til den vedtekne skrivemåten av primærnamnet når dei skal gjera vedtak.

Bruksnamn

Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet. Men etter § 5 tredje ledd i lov om stadnamn har eigaren rett til å fastsette ein annan skrivemåte av namnet på eige bruk enn den som følger av § 4 fyrste ledd i lova. Føresetnaden er at han/ho kan dokumentera at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn (på offentleg kart, på skilt, i matrikkelen, skøyte e.l.). 

I så fall må eigaren sende krav til Kartverket og legge ved slik dokumentasjon. Klageretten for namnet i andre funksjonar, t.d. gardsnamnet, fell då bort. Kartverket er formelt vedtaksorgan også for skrivemåten av bruksnamn fastsette av eigaren.

Vidare saksgang

Kommunen har ansvaret for å kunngjera at namnesaka er reist. Kommunen har òg ansvaret for å hente inn og samordne dei lokale høyringssvara. Dei skal sendast til Språkrådet, med kopi til Kartverket. Språkrådet vil så gje endeleg tilråding til Kartverket. 

Vi ber om eventuell uttale seinast 8. desember 2025 til post@kinn.kommune.no.