Offentleg høyring: Privat detaljregulering for Sørstrand - særskilde bygg og anleggLytt til tekstenStopp avspillingPlan og miljøutvalet har i saknr. 025/26 godkjent at framlegg til Privat detaljregulering for Sørstrand, gbnr.28/38 m.fl, anna særskild bygg og anlegg - planid 20250005, vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med PBL § 5-2, § 12-10.Formål med reguleringa og skildring av planforslagetFormålet med reguleringsplanen er tilrettelegging for eitt kvartersbygg, med moglegheit for etablering av inntil 20 kvarterseiningar over to etasjar. To av einingane skal vere universelt tilgjengelege. Bruken av bygget blir avgrensa til overnattingsbygg for personell ved Redningshelikoptertenesta / Luftforsvaret.Kvartersbygget skal ha tydelege brot i fasaden, slik at bygget vert tilpassa omkringliggjande bustad-/ småhusutbygging. For å avgrense mogleg trafikkauke langs Sørstrandvegen er det berre tillat med 2 parkeringsplassar på eigedomen. Parkeringsbehov utover dette skal sikrast gjennom parkeringsavtale med Avinor. Tilkomst frå lufthamna til eigedomen skal skje på opparbeid sti på sørsida av eigedomen. Opparbeidinga skal sikrast gjennom føresegnsområde #1 i plankart og føresegn.Overordna arealplanPlanforslaget er ikkje heilt i tråd med arealdelen i kommunedelplanen for Florølandet-Brandsøy (2022). Området kor kvarteret skal stå er i planforslaget sett av til føremål for andre typar anlegg, medan det i gjeldande kommunedelplan er avsett til bustadføremål.Offentleg høyring og frist for innspelPlanframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 30.04.2026 – 14.06.2026. Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via e-post til post@kinn.kommune.no, seinast 14.06.2026. Planframlegget med relevante dokument kan sjåast ved å klikke på vedlegga under.Sakshandsamar: Magnus Warland, tlf. 57 75 60 00.PlandokumentVedtakMerknadshandsamingPlankartFøresegnerPlanomtaleROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse)VAO-notat (Vatn, avløp og overvatn)Geoteknisk notatEnergikonseptSamla innspelSolstudieStøyutgreiingTurbulensvurderingIllustrasjonsplanPerspektivSnitt Publisert 29.04.2026 11.12 Sist endra 29.04.2026 11.12