Føremål med reguleringa og skildring av planforslaget
Hovudføremålet med planen er å legge til rette for ein betre tilkomst til I18 enn gjeldande plan opnar for. Løysing i gjeldande plan, med tilkomst via kulvert under Rv.5 er svært areal- og kostnadskrevjande, og vil vere lite føremålstenleg i høve vidareutvikling av etablert industri/næring på I18.
Vidare er det gjort nokre presiseringar i føresegnene i høve utnyttingsgrad, byggehøgd og byggegrenser – dette som følgje av ein tvitydigheit i føresegnene som følgjer gjeldande plan.
Offentleg høyring og frist for innspel
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-14-2. ledd vert Planendring for Områderegulering for Florelandet nord I18. PlanID 140120110106 sendt på høyring i perioden 03.2026 til 03.05.2026.
Informasjon om gjeldande plan finn de på arealplaner.no. Alle tidlegare godkjente dokument ligg under fana «Plandokument». Under fana «Planbehandlinger» ligg informasjon om handsamingsprosessar.
Link til dei aktuelle dokumenta for denne planendringa finn de her:
Spørsmål og merknader
Ver vennleg å ta kontakt med Magne Maråk dersom du har spørsmål, eller behov for meir informasjon i høyringsperioden.
Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via e-post til post@kinn.kommune.no, seinast 03.05.2026.
Generelle opplysningar
Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og referert for politisk mynde. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.