Kunngjering: Detaljregulering for kryss rv. 5 - Kvalvika, Nesjane

Plan- og miljøutvalet har i møte 28.04.2026 i saknr. 040/26 godkjent at framlegg til Detaljregulering for Kryss Rv.5 - Kvalvika, Nesjane, planID 20240006, vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med PBL § 5-2 og § 12-10.

Formål med reguleringa og skildring av planforslaget

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for utbetring av eksisterande kryss mellom rv.5 og den kommunale vegen med god framtidig kapasitet for utvikling av industriområdet på Nesjane. Reguleringsplanen skal òg sikre gode løysingar for mjuke trafikantar ved krysset. 

Overordna arealplan og konsekvensutgreiing

Planforslaget er i tråd med kommunedelplan for Eikefjorden, planID 140120120001. Området er sett av til vegføremål, bustad og LNFR. Planframlegget er vurdert å være i samsvar både med gjeldande kommunedelplan og med føringane i samfunnsdelen til kommuneplanen vedtatt 23.10.2025. Planframlegget er såleis vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Offentleg høyring og frist for innspel

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 07.05.2026 – 21.06.2026. 

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via e-post til post@kinn.kommune.no, seinast 21.06.2026.

Planframlegg med relevante dokument