Høyring - Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Kinn kommune

Formannskapet gjorde i møte 10. september vedtak om å legge framlegg til Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Kinn kommune, ut på offentleg høyring. Protokollen frå møtet er ikkje klar enno men det vart vedteke å gå for vedtaksalternativ nr. 2 i saksutgreiinga. Høyringsfrist er 10. oktober.

Fristen for å kome med merknader vart endra frå 12.oktober i saksframlegget til 10. oktober 2026. 

Gå direkte til formannskapet sitt vedtak

Les framlegg til forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel her

Send høyringsinnspel

Send høyringsinnspel via elektronisk skjema for høyringsuttale innan 10. oktober 2026.