Høyring av søknad om større slukeevne i Kvangreelva kraftverk i Kinn kommune

NVE har fått ein søknad frå Kvangreelva Kraftverk AS om løyve etter vassressurslova til å auke slukeevna i kraftverket frå 250 l/s til 480 l/s. Søknaden blir no send på høyring med høyringsfrist 21.08.2026.

Kva blir det søkt om? 

NVE har fått søknad frå Kvangreelva kraftverk, datert 10.11.2023, om løyve etter vassressurslova til å auke slukeevna i kraftverket frå 250 l/s til 480 l/s. Installert effekt vil auke frå 0,5 MW til 0,96 MW. Auken i slukeevne vil gjelde i periodar der vassføringa i elva er over 800 l/s. Tiltaket vil gi ein auke i årleg kraftproduksjon på 2 GWh. Dette svarer til straumbruken til ca. 100 husstandar. 

Søknaden med vedlegg er tilgjengeleg på NVE si nettside. Søknaden skal behandlast etter reglane i kapittel 3 i vassressurslova og gjeld løyve etter vassressurslova § 8. Kommunen er til vanleg konsesjonsmynde etter vassressurslova for vasskraftverk under 1 MW, jf. § 64. Kvangreelva kraftverk er lokalisert i eit verna vassdrag, og kjem derfor inn under unntaket i § 1 bokstav a i forskrift om kommunens myndigheit i mindre vasskraftsaker. NVE vil difor behandle denne konsesjonssøknaden. 

Informasjon om saksbehandlinga finn du på NVE si nettside.

Kva ønskjer vi fråsegn om?

NVE ønskjer å få inn synspunkt på planane som er presenterte i søknaden. NVE ønskjer konkrete synspunkt på om planane bør gjennomførast, ev. val av alternativ eller forslag til avgrensingar i planane. Vi ønskjer også grunngjeve forslag til avbøtande tiltak som kan redusere eventuelle ulemper ved gjennomføringa av prosjektet. I tillegg ber vi om
eventuelle kommentarar til om søknaden gir tilstrekkelege opplysningar om verknadene av tiltaket. Alle som har meiningar om saka, kan sende inn ei fråsegn.

Slik sender du inn høyringsfråsegn

Alle som har meiningar om saka, kan sende fråsegn på éin av følgjande måtar: 

  • via skjema for fråsegn, som de finn på nettsida i saka
  • via e-post til nve@nve.no (merk e-posten med «Høyringsfråsegn 202317615» i emnefeltet, og oppgi namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
  • via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO (merk brevet med «Høyringsfråsegn 202317615», og oppgi namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei
    verksemd)

Frist for å sende fråsegn er 21.08.2026. 

Fråsegn eller delar av fråsegn vil bli refererte i saka. Er høyringsfråsegna lang, oppmodar NVE høyringspartane til sjølv å skrive ein kortfatta konklusjon eller samandrag. Høyringsfråsegnene er offentlege dokument, og sentrale saksdokument blir lagde ut på NVE sine nettsider.