Høyring av revidering av vedtekter for kommunale barnehagar

Oppvekst- og kulturutvalet har vedtatt at utkast til reviderte vedtekter for kommunale barnehagar skal på høyring frå dags dato til 15. juli 2026. Årsaka er at det er avdekka behov for å revidere gjeldande vedtekter for å tilpasse vedtektene til føringar i barnehagelova, forenkle innhaldet og tydeleggjere nokre paragrafar i samsvar med gjeldande praksis. 

Oppvekst- og kulturutvalet handsama utkast til reviderte vedtekter for kommunale barnehagar i Kinn kommune i møte 02.06.2026, og gjorde slikt vedtak: 

Oppvekst og kulturutvalet vedtek å sende utkast til reviderte vedtekter for kommunale barnehagar på offentleg høyring, med korrigering av tekst til § 2 til følgjande: Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval, og ein representant i barnehagen sitt samarbeidsutval frå barnehageeigar skal vere valt politisk. I tillegg skal det vere to representantar frå foreldrerådet og to representantar frå dei tilsette.

I tillegg til generelle høyringsinnspel til utkastet til reviderte vedtekter, bed Oppvekst- og kulturutvalet særskilt om innspel til §§ 3, 4 og 5.

Høyringsinstansar som vert kontakta direkte er foreldreråd og SU ved dei kommunale barnehagane og arbeidstakarorganisasjonane.

Høyringsfrist vert sett til 15.07.2026.

 

Les høyringsforslag til reviderte vedtekter for kommunale barnehagar (PDF, 272 kB)

Høyringsbrevet som er tilsendt høyringspartane kan du lese her (PDF, 136 kB).

Høyringsinnspel og frist

Oppvekst- og kulturutvalet sender vedtektene på høyring med seks veker høyringsperiode, fram til 14. juli 2026. Saka vert også sendt til andre høyringsinstansar.

Send høyringsinnspel via elektronisk skjema for høyringsuttale innan 15. juli 2026.

Gå til e-skjema for høyringsuttale