Framlegg til forskrift om satsar for berekning av grunntilskot til private barnehagar i Kinn kommune 2027 (PDF, 101 kB)
Berekningsgrunnlag for Kinn kommune - tilkot private barnehagar (PDF, 2 MB).
Om høyringa
Bakgrunn for saka er endring i barnehagelova og ny nasjonal forskrift om finansiering av private barnehagar (fastsett 23. mars 2026). Regelverket inneber at kommunen skal fastsette tilskotssatsar i lokal forskrift.
Forskrifta skal bidra til
- føreseielege og transparente tilskot
- likeverdig behandling av private og kommunale barnehagar
- etterleving av nasjonale regelverk
Forslaget vert sendt på offentleg høyring før det vert politisk behandla i kommunestyret.
Forskrifta regulerer berre satsane, og ikkje vedtak om tilskot til den enkelte barnehage. Vedtaka vil framleis vere enkeltvedtak med klagerett etter forvaltningslova, og vil handterast i samsvar med gjeldande regelverk og kommunen sine administrative rutinar for vedtak og utbetaling av tilskot til kvar enkelt barnehage.
Vidare prosess
Private barnehageeigarar vert kalla inn til dialog om forskrifta før høyringsfristen er ute.
Etter at høyringsfristen er ute, vil kommunen
- vurdere og samanfatte høyringsinnspela
- føreta eventuelle justeringar av forskriftsforslaget
- legge saka fram til politisk behandling hausten 2026
Målet er å fastsette lokal forskrift om tilskotssatsar seinast 30. november 2026, slik at satsane kan leggast til grunn for tilskottsåret 2027. Kommunen tek atterhald om eventuelle endringar frå nasjonalt hald.
Rettsleg grunnlag og offentleg høyring
Forslaget til lokal forskrift er heimla i:
- Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager (barnehageloven) §§19a-19c.
- Forskrift om finansiering av private barnehagar (finansieringsforskriften)
Forskrifta regulerer kommunen si fastsetting av satsar for grunntilskot til private barnehagar.
Høyringsfrist er sett til 13. november. Bruk vårt elektroniske skjema for høyringssvar nedanfor, eller send merknader/høyringsinnspel via brevpost til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.
Gå til elektronisk skjema for høyringsuttale her