Gi innspel til Handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2027

Vi inviterer innbyggarar, lag og organisasjonar, næringsliv og andre interesserte til å gi innspel til Handlingsprogram 2027 for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Høyringsfrist er 26. oktober.

Kva er handlingsprogrammet?

Handlingsprogrammet gir ei oversikt over aktuelle anlegg og tiltak innan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Les handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv her (PDF, 153 kB)

Programmet omfattar

  • prioriterte tiltak for dei kommande fire åra, med tiltakshavar og status for spelemiddelsøknad
  • aktuelle, uprioriterte tiltak i eit langsiktig perspektiv på inntil ti år

Handlingsprogrammet blir rullert kvart år og dannar grunnlag for kommunen si prioritering av søknader om spelemidlar.

Forslaget til Handlingsprogram 2027 bygger på handlingsprogrammet for 2026 og nye innmelde tiltak og søknader.

Grunnlag for arbeidet

Handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2025–2029 vart vedteken i 2025.Handlingsplanen viser kommunen sitt samla behov for utvikling og rehabilitering av anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Planen er også eit viktig grunnlag for prioritering av kommunale investeringar og søknader om spelemidlar.

For ordinære anlegg er det som hovudregel krav om at anlegget inngår i ein vedteken kommunal plan for å kunne søkje om spelemidlar.

Les Handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2025–2029.

Kva ønskjer vi innspel på?

Vi ønskjer særleg tilbakemelding dersom

  • det er aktuelle anlegg eller tiltak som manglar i oversikta
  • tiltak i oversikta ikkje lenger er aktuelle
  • opplysningar om eksisterande tiltak bør endrast eller oppdaterast

Slik sender du innspel

Frist for å sende innspel er 26. oktober 2026.

Du kan sende innspel:

Handlingsprogram 2027 skal etter planen handsamast av oppvekst- og kulturutvalet 10. november 2026.