Føremålet med planendring
Hovudformålet med planen er å legge til rette for ein betre tilkomst til I18 enn gjeldande plan opnar for. Løysing i gjeldande plan, med tilkomst via kulvert under rv.5 er svært areal- og kostnadskrevjande, og vil vere lite føremålstenleg i høve vidareutvikling av etablert industri/næring på I18. Vidare er det gjort nokre presiseringar i føresegnene i høve utnyttingsgrad, byggehøgd og byggegrenser – dette som følgje av ein tvitydige føresegner som følgjer gjeldande plan.
Vurdering
Kinn kommune ser at avkøyrsle utan kulvert vil medføre meir av- og innkøyring direkte til og frå rv. 5. Kommunen vurderer likevel direkte avkøyring som ei betre løysing i denne saka, ut frå at tilkomst via kulvert under rv.5 både kan vere utfordrande å løyse på ein tilfredsstillande måte og vil vere svært arealkrevjande. Statens vegvesen ønskjer på generelt grunnlag å ha så få avkøyringar til/frå riksvegar som naudsynt.
Kinn kommune vurderer at merknadane frå Statens vegvesen og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) er imøtekome i siste reviderte versjonar av planmateriale.
Kinn kommune har vurdert at søknad tilfredstillar vilkår for forenkla handsaming, og at tiltaka ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing ligg til vedtak for endring av område I18.
Med bakgrunn i planmaterialet finn Kinn kommune å kunne godkjenne endring av Områderegulering for Florelandet nord – endring område I18. PlanID140120110106 i samsvar med søknad og endringar som er gjort ved siste revisjon datert 29.05.2026.
Les Områdereguleringsplan - Florelandet nord, Næring - Arealplaner.no
Administrativt vedtak
Med heimel i plan- og bygningslova §12-14 og delegeringsreglement vedteken av Kinn kommune 06.11.2019, sak 025/19, godkjenner Kinn kommune endring av områderegulering for Florelandet nord – endring område I18 PlanID 140120110106 slik det går fram av plankart, føresegner og planomtale/søknad sist revidert 29.05.2026, samt ROS-analyse datert 11.12.2025.
Dette vedtaket kan påklagast, jamfør Plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI (§ 28-36). Klagefristen er tre veker, innan 21. juli.
Klageskjema for plan- og byggesak