Registrere møtegodtgjersle, tapt arbeidsforteneste og reise

Her finn du som politikar litt informasjon om korleis registrere møtegodtgjerlse og tapt arbeidsforteneste, og korleis registrere reiseutlegg. 

Dokumentasjon på tapt arbeidsforteneste (skjema)

Registrering av møtegodtgjerlse og tapt arbeidsforteneste gjer du i Visma. Er det første gang du loggar på, kan det vere du må bruke BankID. 

  • Brukarnavn er di e-postadresse
  • Har du privat e-post adresse – lag eit passord
  • Har du kommunal e-post adresse – «Logg på med Entra ID (Kinn)»

Når du har logga inn i Visma

Bruk følgande steg:

  • Min Side
  • Ferie, fravær og timar
  • Grøn knapp: Ny timeføring
  • Velg dato for føring
  • Fyll ut alle felter med raud stjerne
  • Notat: Kva møte har du skal ha betalt for
  • Trykk Lagre og lukk

Når dette er gjort kjem du tilbake til kalender, og registrert møte vil vise her, men er ikkje sendt i dokumentflyt for godkjenning.

  • For å sende registering vidare, trykk på mappekort «Liste».
  • Registrert møtet ligger med status «ikkje levert».
  • Trykk på linja.

Her vil du finne det du har registrert, og kven som skal attestere og godkjenne før det går til lønsutbetaling. Sjekk at alt stemmer – trykk Send. Dersom du vil slette – trykk Rediger, for deretter å slette.

Registrering av reise og lønnsslipp

Reiser og kilometergodtgjersle skal registrerast i Visma Employee-appen. Den kan du laste ned via “Play Butikk” på Android einingar, eller “App Store” for Apple produkt.