Kommuneplanen sin arealdel

Arealdelen er den overordna planen som bestemmer all arealbruk i kommunen. Det blir no arbeidd med å få på plass ein ny arealdel for heile Kinn kommune. Denne er viktig å få på plass, for gamle Vågsøy er siste vedtekne plan frå 2002, det vil seie at at vi i realiteten mangler ein slik plan for den delen av kommunen. For gamle Flora er planen frå 2017, her også er det viktig å få oppdatert planen.

Planen har vore ute på ei høyring. Der fekk vi inn om lag 500 innspel. Arealdelen ligg no ute på 2. gongs høyring frå 30. oktober 2025 til 11. januar 2026. Dette er meint å vere ein siste høyringsrunde.

Kommunen er opptatt av at aktuelle problemstillingar som kommunestyret til slutt skal ta stilling til, blir kjent og debattert i forkant av den politiske handsaminga. Her vil du finne aktuell informasjon om arbeidet, og sida vil bli oppdatert løpande.

Utgreiingar, nasjonale føringar, politiske saker og meir knytt til arealdelen

Sjå podcast om kommuneplanen sin arealdel

I denne podkasten frå kommunen får du litt meir info om kva kommunen planen sin arealdel er.