Korleis få besøk?
Registrer deg her - få besøk eller bli meir aktiv!
For informasjon om aktivitetstilboda der du bur, eller det å få besøk av ein frivillig, kan du sjølv, pårørande eller helsepersonell registrere deg i skjemaet vårt. Eller ta direkte kontakt med samfunnskoordinator.
Samfunnskoordinator Martine Bortheim, tlf. 97 99 18 02.
Sjå film
Nedanfor kan du sjå ein film vi har laga, som handlar om å få besøk av ein frivillig. Ein film om dei gode stundene, om glede og sakn.
Forsking viser at sosial isolasjon gjev større fare for helseutfordringar. Fleire kontaktpunkt i løpet av veka fremmar gode psykososiale forhold. Situasjonen med Covid-19 har for mange lagt ein dempar på møte mellom menneske, og særleg eldre er utsatt for sosial isolasjon. Det treng ikkje vere slik. Det er fleire måtar ein trygt kan vere i lag med andre på; gjennom telefonsamtalar, samtale med naboen over hekken, eller gå ein tur med trygg avstand til kvarandre. Prosjektet er ein del av "Leve heile livet"-satsinga til Kinn kommune.
Nytt tilbod til deg over 55 år
Tilbodet er retta mot vaksne frå 55 år og oppover, og handlar om å informere og inspirere til økt aktivitet anten i gruppe eller ein-til-ein. I Florø har vi over 200 lag og organisasjonar, og det er mykje å vere med på. I tillegg har vi Kinn kommune sine kulturelle Ope hus-arrangement som er gratis og ope for alle. Dersom gruppeaktivitet ikkje er av interesse, kan det i nokre tilfelle vere aktuelt å få ein besøkven.
Ein innbyggjar som ønskjer å bli besøksven må gjennom ei intervjurunde. Vidare blir dei organisert gjennom Røde Kors eller kommunen, dei signerer teieplikt og får tilbod om kurs. Felles for dei frivillige er ønskje om å gjere ein forskjel der dei bur, og vi vil gjere vårt beste for å finne ein god match for besøksverten. Eit besøk skal vere ein gjensidig god oppleving for begge partar. For å finne det tilbodet som er best for deg, registrer deg her, så tek samfunnskoordinator kontakt for ein uformell prat. Ønskjer du direkte kontakt, ring samfunnskoordinatoren vår Martine Bortheim, tlf. 97 99 18 02.
Samfunnskoordinator Martine Bortheim og dagleg leiar for Florø Frivilligsentral Bente Nilsen håpar på stor interesse for det nye tilbodet.
Kinn kommune
Vi treng frivillige også!
For at dette skal gjennomførast slik som vi tenker er vi også avhengige av fleire frivillige. Registrer deg på Florø og Vågsøy frivilligsentral sine nettsider om du vil bidra! Det er opp til deg sjølv kor ofte du kan bidra som frivillig, men vi treng kvarandre no.
Du kan vende deg til informasjon og service i anten Florø eller Måløy for å registrere deg. Der finn du også flotte brosjyrer som fortel om tilbodet!
Kinn kommune
Sjå også brosjyrene våre