Vil du jobbe i bemanningssenteret for helse og velferd i Måløy?

Vi søker engasjert medarbeidar til vårt nye bemanningssenter i Måløy. Her får du moglegheita til å jobbe i heimetenesta, på institusjon og i miljøtenesta, med fast turnus og ein variert arbeidskvardag.

Vi ser etter helsefagarbeidarar, lærlingar som blir ferdig utdanna i 2025, eller ufaglærte som vil ta utdanning innan helse. Du må vere omsorgsfull, ansvarsbevisst og fleksibel, og like utfordringar og endringar i arbeidskvardagen.

Vi tilbyr årleg lønnstillegg på kr. 20 000, kompetanselønnsstige, gode kollegaer og moglegheiter for vidareutdanning.

Høyrest dette ut som noko for deg? Les meir i stillingsutlysinga - der finn du også kontaktinformasjon!