Vil du bli vår nye helserekrutt? Meld deg på informasjonsmøte om Menn i Helse!

«Menn i helse» skal bidra til å rekruttere fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren – og no er vi på leiting etter nye deltakarar til kull 2024. Kinn kommune søker no etter vaksne arbeidssøkande menn, som blir tilbydde ein unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidarar gjennom Menn i helse.

Plakat for Menn i Helse med teksten "Menn søkes! kull 2024 - besøk oss på mennihelse.no - Klikk for stort bilete

Utdanninga er komprimert og tilrettelagt for arbeidssøkande menn i alderen 25 – 55+. Deltakarane får tittelen helserekruttar, og under utdanninga vekslast det mellom å motta yting frå NAV og lønn frå kommunen.  

Påmelding til informasjonsmøte

Bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte!

Her vil det bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. Nokon få veker etter møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om inntil 12 veker med rettleia praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

  • Tid og stad: 05.03.24 kl. 14.00-15.30. “Gamle rådhuset” i Florø, rettssalen. 3. etg. Strandgata 30 6905 Florø. 
  • Meld deg på her

Er du vår neste mann? Grip moglegheita!

Kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips dei om Menn i helse! 

Har du spørsmål om Menn i helse?  

Ta kontakt med fylkeskoordinator: 
Øystein Johannessen
Menn i helse Vestland Nord
Mobil: 90 83 49 19
E-post: oystein@mennihelse.no
Sjekk Menn i helse si heimeside her