Vil du bli meddommar?

Kinn kommunestyre skal velje nye meddommarar til Sogn og Fjordane tingrett, Gulating lagmannsrett, forliksrådet og jordskifteretten. Du kan melde di interesse her, innan 21.04.2024! 

I tillegg føreslår kommunestyret skjønnsmedlemmar som blir vald av fylkestinget. Meddommarar er vanlege innbyggarar som er med på å ta avgjerder i rettssaker. 

Fristen er no utgått, og du kan ikkje lenger melde din interesse.

Lurar du på kva dette inneber? Sjekk ut spørsmål og svar nedanfor

Kva er ditt ansvar som meddommar?

Det er eit viktig prinsipp i det norske rettssystemet at ein som er tiltalt skal bli dømt av sine likemenn. Domstollova § 67 har difor reglar om at utvala av meddommarar skal ha ei allsidig samansetting, sånn at det best mogeleg representerer alle delar av befolkninga. Unge og personar med innvandrarbakgrunn er underrepresentert, og blir særleg oppfordra til å melde interesse.

Du blir valt for heile valperioden som meddommar, frå 1, januar 2025 til 31. desember 2028.  Sidan det er krav om meddommarar sin lovlydnad blir det utført ein vandelskontroll av kandidatane.

Om du er aktuell blir du kontakta når arbeidet med rekruttering av meddommarar startar.

Har du spørsmål eller ønsker å foreslå nokon som kandidat, send e-post til politisk sekretariat: post@kinn.kommune.no.