Viktig å melde inn luftfartshinderLytt til tekstenStopp avspillingFor å hindre ulukker i luftfarten er det krav om at alle luftfartshinder i Noreg skal meldast inn til Statens kartverk. Dette er fastsett i forskrifta om rapportering, registrering og merking av luftfartshinder (BSL E 2-1), som vart oppdatert 1. januar 2024.Kva er eit luftfartshinder?Luftfartshinder er bygg, konstruksjonar eller anlegg som kan vere til fare for flytrafikken. Eksempel på hinder kan vere:KranerTårn og masterVindturbinarTaubanar og ziplinerLuftspennI følge forskrifta skal desse hindra rapporterast inn dersom dei har:Ei høgd på 15 meter eller meir utanfor tettbygd strøkEi høgd på 30 meter eller meir innanfor tettbygd strøkKvifor må vi registrere luftfartshinder?Alle registrerte luftfartshinder blir lagt inn i det Nasjonale registeret over luftfartshinder (NRL). Data frå NRL vert brukt i elektroniske kart som fly- og helikopterselskap nyttar for navigasjon, slik at dei kan sjå og unngå hindra i luftrommet. Ei nøyaktig oversikt er viktig for å sikre trygge flygingar og unngå ulukker.Kor tid skal hinder meldast inn?Nye hinder skal meldast inn seinast 30 dagar før dei vert bygde, flytta, endra eller rivne.Det er også viktig å melde frå dersom det skjer endringar i informasjonen om eigar av eit eksisterande hinder.Registreringa skjer hos Statens kartverk, som har ansvar for NRL.Fullstendig informasjonDu kan lese meir om krava og korleis du rapporterer på luftfartstilsynet sine heimesider. Publisert 30.04.2025 08.35 Sist endra 28.04.2025 14.04