Vi viste oss fram på Framflytkonferansen!

Kinn kommune deltok med representantar frå helse og velferd og oppvekst på årets Framflytkonferanse ved Måløy vidaregåande skule. På standen vår fekk vi møte mange engasjerte ungdommar og dele informasjon om dei spennande jobbmoglegheitene i kommunen.

Vi delte ut handlenett, knallgode drops i esker, brus og ikkje minst informasjon om ferievikariat – her kunne vi også skryte av ei særs god timeløn! Det var eit flott høve til å vise fram kommunen som arbeidsgjevar og informere om dei mange spennande moglegheitene som eksisterer innan helse og oppvekst.

Kva er Framflytkonferansen?

Konferansen blei starta av elevar ved Måløy vidaregåande skule i 2013/14 som eit initiativ for å gi ungdom reell erfaring med marknadsføring, bedriftsutvikling og leiing. Sidan då har konferansen blitt arrangert årleg og utvikla seg i tråd med elevane sine interesser og behov i nærmiljøet. Dette er ein flott moglegheit for verksemder og elevar å bli kjend med kvarandre.

Vi set stor pris på å få delta og gleder oss allereie til neste år!