Vi vil gjerne vite korleis du som innbyggar har det i kommunen vår - neste veke kan du få ein SMS

Frå onsdag 5. mars, og påfølgande dagar, sender vi ut ei spørjeundersøking på SMS til om lag 4000 innbyggarar - kanskje akkurat deg! Årsaka er at vi ønskjer å vite kva du meiner om viktige samfunnspørsmål i Kinn kommune. Undersøkinga sendast ut av Sentio Research.

Spørjeundersøkinga er lik den vi har sendt ut tidlegare år

I 2023 og 2024 sendte vi ut ei tilsvarande spørjeundersøking knytt til arbeidet med samfunnsplanen. Undersøkinga neste veke blir gjennomført av Sentio Research på vegner av kommunen og er lik dei vi har sendt ut tidlegare år. Målet er å få innsikt i kva du som innbyggar tenker om tenestene våre, kva som fungerer godt, og kva vi kan gjere betre.

Du får ei personleg lenke i SMS-en for å delta digitalt. Lenka er trygg å trykke på, og undersøkinga er anonym – kommunen får ikkje vite kven som har svart.

Vi håpar du vil ta deg tid til å svare! Svara dine er viktige for å gjere Kinn til ein enda betre stad å bu.

Vi håpar du vil svare på spørsmåla - lenke i SMS er trygg på klikke på

Vi håpar du kan ta deg tid til å svare på spørsmåla. Vi sender ut SMS til om lag 4000 av innbyggarane våre onsdag 5. mars, med ei vennleg påminning i etterkant.

Avsendaren er «Kinn Komm» og i SMS'en er det ein invitasjon til å delta i ei spørjeundersøking, med ei lenke til å delta i undersøkinga digitalt, på formatet «https://svar.sentio.no/answer?key=» med 12 tilfeldige teikn bak «=».

Alle som vert invitert får ei personleg lenke for å delta, slik at ein veit at berre innbyggarar i Kinn kommune skal kunne delta. Dette er kvifor lenka inneheld 12 tilfeldige teikn på slutten. Lenka er trygg å trykke på. Du som deltar i undersøkinga haldast anonym overfor kommunen.

  • Vanlege spørsmål til slike spørjeundersøkingar

    Kvifor vart eg ikkje invitert til å delta?

    Vi trekk 4000 tilfeldige telefonnummer blant innbyggarane som er folkeregistrert i Kinn kommune, for å få eit representativt utval. Det vil seie at vi trekk folk for å få ei jamn fordeling ut i frå alder og kjønn. Fordelinga mellom aldersgruppene og kjønna skal vere representativ, altså ganske lik, den vi har i Kinn kommune elles. Når ein ikkje har blitt invitert til å delta er det fordi det er eit krav i utarbeidinga av statistikk som dette, at tilfeldigheitene styrer kven som får høve til å delta.

    Korleis har dykk fått tak i telefonnummeret mitt?

    Telefonnummeret ditt har blitt henta frå registerdata/nummeropplysning, kor dei med bustadadresse i Kinn kommune som er over 18 har vore mogleg å trekke for å delta.

    Kvifor vart eg invitert til å delta sjølv om eg har reservert meg mot telefonsal?

    Ein har ikkje same moglegheit til å reservere seg mot spørjeundersøkingar og meiningsmålingar som mot telefonsal, då denne spørjeundersøkinga og meiningsmålinga er av ålmen interesse. Sjå Brønnøysundregisteret for meir informasjon om dette.

    Eg bur ikkje i Kinn kommune, kan eg likevel delta?

    Målgruppa for deltakarar er personar som bur i Kinn kommune. Dersom du er folkeregistrert i Kinn, men likevel ikkje bur i kommunen, kan du sjå bort ifrå spørjeundersøkinga.