Vi vil gi engasjerte ungdomar erfaring med fiskerifaget

Kinn kommune har søkt Nærings- og fiskeridepartementet om midlar til å gi 12 ungdommar moglegheita til å få erfaring i fiskeriyrket. Målet er å promotere yrket som historisk sett har vore ein viktig føresetnad for kommunen og næringslivet. 

Midlane som er søkt om skal gå til eit ungdomsfiskeprosjekt som vil gi 12 ungdommar i aldersgruppa 15-25 år ei veke på sjøen mellom juni/august i år. To båtar, ein i Måløy og ein i Florø, skal gi ungdommane ein trygg og læringsfylt veke i faget. Det er krav om at fartøyet og mannskapet skal ha naudsynte sertifikat og løyver for å ta med ungdommen på sjøen.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen seier at dette er eit positivt prosjekt på alle måtar. - Kinn kommune er ein av Noregs største sjømatkommunar, og tradisjonelt fiskeri står for mykje av dette, så det er positivt at vi kan bidra til rekrutteringsarbeidet. Det er ikkje mange slike sommarjobbar tilgjengeleg, så dette håpar eg også kan vere eit prosjekt som bidrar til å få fleire ungdommar inn i arbeidslivet og slik bidra til å hindre utanforskap.

Fleire lokale fiskarar er interessert i prosjektet

Det er allereie fleire lokale fiskarar med båt som er interessert i deltaking i prosjektet. Vi er trygge på at både båtar og rettleiarar er klare til sommaren. Det er endå ikkje avklart kva type fiske ein skal drive med, men moglegheitene er mange. Som til dømes seifiske utanfor oppdrettsanlegg, tradisjonelt sommarfiske, eller krabbefiske på seinsommaren. 

Anne-Stine Medland som er kompetansekoordinator i Måløy Vekst er glad for å kunne bidra i prosessen også. Ho seier at Måløy er ein av Noregs største fiskehamner, som også har eit utdanningstilbod på Måløy vidaregåande skule og Fagskulen som er retta mot fiskeri- og havbruksnæringa. 

- Vi ser viktigheita av å kunne gje lokal ungdom moglegheit til å prøve seg i fiskaryrket og sjå moglegheitene ein har innan fiskerinæringa i kommunen. Måløy Vekst samarbeider godt med fleire relevante aktørar som alle vil bidra og legge til rette for eit godt opplegg rundt ungdomsfiskarane. Kinn kommune har eit framoverlent og engasjert næringsliv som støttar det maritime og marine fagmiljøet. Dette ser vi igjen i den positive haldninga og det gode samarbeidet mellom oss som næringsselskap, Kinn kommune og dei lokale bedriftene om dette ungdomsfiskeprosjektet.

Håpar prosjektet kan vidareførast

Slik prosjektet er lagt opp er det mange lokale og regionale aktørar som bidrar til at prosjektet blir gjennomført. Sikkerhetssenteret i Måløy (SIM) arrangerer sikkerheitskurs for ungdommen. Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruksfag bidrar med fagleg kunnskap og teori, Måløy Vekst som prosjektrettleiar, Vest-Norges Fiskesalslag avd. Måløy bidrar med fagleg kunnskap og rettleiing. Det blir jobba med lokal sponsor for arbeidsklede. MHService sponsar drivstoff til fartøya. Og fleire aktørar kan kome til.

Vi håpar prosjektet kan vidareførast og utviklast vidare dei kommande åra, slik at det kan kome over i ein varig driftsfase. Gjennom prosjektet vil vi bidra til å sikre rekruttering til fiskaryrket dei komande åra. Det er viktig at ungdom får praktisk erfaring og kjennskap til næringslivet og yrket før dei tar valet om utdanning. 

Kva skjer framover?

Vi har ikkje fått svar på søknader om midlar til prosjektet per i dag – det er søkt fleire plassar enn hos Nærings- og fiskeridepartementet. I lag med skulane legg vi til rette for informasjon og søknadsprosess ut til ungdommen, og korleis velje ut deltakarar.