Vi tester ny løysing for å melde feil på kommunal vegLytt til tekstenStopp avspillingEr du ofte ute på tur og ser feil på kommunale vegar eller fortau? No tester vi ei ny løysing der du kan rapportere inn problem du ser, både på mobil og PC.Meld feil på kommunal veg herHugs at du også kan laste ned CIVIS-appen til iOS eller Android telefonar! Der får du også tilgang til denne og fleire tenester, og ikkje minst Friskus sin aktivitetskalender og aktuelle nyhende frå oss! Les meir om CIVIS og Friskus her! Slik gjer du detBesøk lenka ovanfor, zoom inn i kartet på der feilen er, og trykk i kartet. Deretter veljar du «Veg» i menyen for «Tema». Rett under feltet for «Veg» kan du også sortere kva type feil du vil rapportere, somdårleg frisiktsonedårlege kummarhol i vegenovervatnskade på kantsteinskiltingDu kan også legge inn ein kommentar om du vil gi ekstra opplysningar, eller laste opp eit bilde som viser feilen du ønskjer utbetra. Eit lite tips; ta bildet før du rapporterer feilen inn til oss.Kva skjer vidare?Når du har sendt inn meldinga til oss, går det vidare til ein sakshandsamar som vil sjå på problemet og ev. rette det. Du kan finne status på feilen ved å opne lenka ovanfor, og gå til kartpunktet du la inn tidlegare.Vil du gi oss tilbakemelding på kva du meiner om løysinga?Vi vil gjerne høyre kva du meiner om løysinga. Send oss gjerne ei evaluering i dette skjemaet. Publisert 07.03.2025 12.53 Sist endra 07.03.2025 12.58