Vald i nære relasjonar kan ta mange former – frå fysiske, psykiske og seksuelle overgrep, til materiell vald og økonomisk kontroll. Overgrepa kan råke noverande eller tidlegare partnarar, barn, barnebarn og eldre slektningar. Vald gjeld og tvangsekteskap, kjønnslemlesting og for situasjonar der barn er vitne til vald.
Vald fører til enorme belastningar for dei som vert råka, og får alvorlege konsekvensar både for individet, familien og samfunnet. I verste fall tek vald liv.
Eit kunnskapsbasert og samordna hjelpetilbod
Hovudmålet med den reviderte planen er å sikre eit hjelpetilbod som er kunnskapsbasert og samordna på kommunenivå. Handlingsplanen skal bidra til å styrke kunnskaps- og handlingsgrunnlaget ved å etablere forpliktande samarbeid på tvers av sektorar, faggrupper og forvaltningsnivå.
Planen vert dermed eit reiskap for å utvikle heilskaplege og tilrettelagde tilbod i Kinn kommune.
Her kan du sjå kva du kan gjere når du mistenker at nokon er utsett for vald eller overgrep.
Kva gjer eg ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep mot barn?
Strategiske satsingar
Handlingsplanen løftar fram tre hovudområde:
- Kunnskap og kompetanse
- Identifisere ofre
- Gode hjelpetilbod gjennom samhandling
Vi har oppdrag som handlar om førebygging – våge å sjå, om å avklare – våge å spørje, og til slutt to oppdrag som er knytt til å handle – mot til handling.
Kontinuerleg forbetring
Planen skal fungere både som eit kunnskapsdokument med handlingsark for tenestene og som ein forenkla plakat for å styrke kunnskapen i samfunnet. Ved å implementere planen ønskjer kommunen å gjere innbyggarane, og det offentlege Kinn, betre rusta til å beskytte dei som er utsette for vald og overgrep.
Målet er at auka kunnskap skal gjere det enklare å våge å sjå – og gi mot til å handle.
Les handlingsplan mot vald i nære relasjonar her