Vi satsar på berekraftig avløpsreinsing!

Kinn kommune deltek i eit spennande forskings- og utviklingsprosjekt innan avløpsreinsing saman med fleire andre kommunar og aktørar i avløpssektoren. Prosjektet har som mål å utvikle nye, berekraftige løysingar for å utnytte ressursar betre, redusere kjemikaliebruk og spare energi.

Samarbeid om innovasjon innan avløpssektoren

Prosjektet heiter Mission Zero, og blir leia av Sunnfjord kommune, og involverer aktørane Renasys, Hellenes Bio, og kommunane Stryn, Gloppen, Sogndal, Indre Østfold, og Kinn. Målet med Mission Zero er å omforme dagens avløpsanlegg til ressursgjenvinningsanlegg som ikkje berre reinsar vatn, men også bidrar til å gjenvinne nyttige ressursar frå avløpsvatn.

Tilsette i ulike kommunar poserer med ein plakat av kommunevåpenet framfor ein stor grå bygning - Klikk for stort bileteSamarbeidspartnararne står samla Kinn kommune

På veg mot framtidas ressursgjenvinningsanlegg

På nyåret tar Kinn kommune eit viktig steg framover og blir ein av dei første kommunane i prosjektet til å starte bygginga av framtidas ressursgjenvinningsanlegg. Dette markerer ein ny retning for miljøarbeidet i kommunen, med mål om å utvikle løysingar som tener både innbyggarane og miljøet.

Prosjektet er eit resultat av framtidsretta samarbeid mellom teknologiutviklarar og kommunar som ser verdien i å finne berekraftige løysingar. Kinn kommune uttrykker stor takksemd for innsatsen til alle involverte aktørar, og ser fram til å bidra til ei tryggare, betre og meir berekraftig framtid.

Vi gir ein stor takk til alle som satsar saman med oss mot viktige målsettingar innan berekraftige samfunnsløysingar!