Vi ønskjer alle ei strålande og minnerik 17. mai-feiring! (oppdatert med program)

Nyt dagen med barnetog, borgartog, is og godt fellesskap – og takk for at du bidreg til ei trygg og triveleg feiring for store og små! Vi ber også om at du parkerer ein annan plass der barne- og borgartoget går i Florø.

Program i Florø

Programmet for 17. mai-toga i Florø er lagt ut i aktivitetskalenderen til Friskus av Florø Hornmusikk.

Program i Måløy

Du finn også programmet for Måløy på denne lenka som går til Facebook-arrangementet.

17.mai-program for Måløy

Hugs å parkere riktig på 17. mai i Florø

Ikkje parker bilen din i togtraseen. Feilparkerte bilar kan vere forstyrrande for både tog og publikum.

Barnetoget går kl. 9.30 og borgartoget kl. 16.00.

Togruta er slik

Frå Florø barneskule – ut Hans Blom-gata – Kinnvegen (tur/retur omsorgssenteret) – ned Torggata – ut Strandgata – opp Hamnegata – inn Markegata – opp Livius Smitt-gata – ut Michael Sars-gata.