Vi inviterer til tverrfagleg opplæringsmøte i samarbeid med Antidoping Norge

Opplæringsmøtet er for fag- eller ressurspersonar som på ein eller annan måte er i kontakt med unge i lys av si rolle. Doping som fenomen er noko som er ukjent for mange. Vi ønsker å gjere kommunen sine fag- og ressurspersonar kjend med dopingproblematikken.

Møtet vil gi deg som deltakar kunnskap om ungdom sitt forhold til styrketrening, kroppsbilde, kosttilskot og doping. Det vil også bli gitt ei innføring i kva doping er, dei mest brukte dopingmidlene og biverknader knytt til dette. Føremålet med møtet er likevel å skape ei plattform kor vi kan diskutere korleis vi best kan forholde oss til utfordringane.

I Måløy

  • Tid: Måndag 29. september, kl. 12.30 – 14.30
  • Stad: Rådhuset i Måløy, formannskapssalen 3 etg.

I Florø

  • Tid: Onsdag 1. oktober, kl. 14.30 – 16.30
  • Stad: Glassgata, Florø ungdomsskule

Påmelding

Påmelding sender du snarast til Birte Sandal Rikstad, e-post birte.sandal.rikstad@kinn.kommune.no.